Luster kommune legg ut for sal 1 einebustad-tomt på bustadfeltet Lundshaugen på Indre Hafslo. Einebustadtomten vert tilbydd for ein pris på kr 300.000,-.

Tomten vil bli tildelt  etter reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt, vedtekne i Luster kommunestyre den 24 september 2015, sak 57/15.

Plassering, høgde og utforming m.m. av bygningane, er regulert gjennom byggjegrenser på plankartet og gjennom reglar i føresegnene for reguleringsplanen.

Den som får tildelt tomt i denne søknadsrunden må starte byggjearbeid innan eit år etter tildeling. Tomtesøkjarane vil bli informert om tidspunkt for ev. loddtrekning.

Kostnadar med tilknytings-avgift vatn/avløp, oppmåling og tinglysing kjem i tillegg til tomtepris.

Meir informasjon og søknadsskjema får De ved å vende Dykk til Servicetorget tlf. 57 68 55 00.

Søknadsfrist: 20. august 2019.