Bustønad

Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som mottek og behandlar søknadene. Det kan søkjast for bustad som du leiger eller eiger.

Du må være folkeregistrert på adressa du søkjer om bustønad for den 1. i månaden det vert søkt om bustønad for. Utbetaling er ca den 10. i månaden etter.

Søknadsfrist er den 14. i kvar månad.

Har du fått vedtak om bustønad, treng du ikkje søkje på nytt månaden etter.

Kven kan søke bustønad?
Har du fylt 18 år kan du søkje bustønad med mindre du eller ein i din husstand avtener førstegangs-/sivilteneste eller er student utan barn. Personar utan barn som studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering, for eksempel yrkesretta attføring, kan og søkje om bustønad. Foreldre som bur saman med barn som studerer eller er i militæret, misser ikkje retten til bustønad.

Kor sender du søknad, og kven kan hjelpa?
Du kan henvenda deg til Servicetorgert tlf. 57 68 55 00 for søknadsskjema for statleg bustønad. Søknad skal sendast til Luster kommune, Rådhuset, 6868 Gaupne. Råd og veiledning om statleg bustønad får du og på Servicetorget.

For meir informasjon om bustønad, sjå Husbanken si nettside.

Her er skjemaet du brukar når du skal søkje om bustønad

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS