Korleis søker du i arkivet?

Du må søka på gjeldande gards og bruksnummer (matrikkel) eller gjeldande adresse på eigedomen.

Gul hengelås indikera at saken inneheld sensitive opplysningar og må derfor gjennomgåast manuelt for å eventuelt sladda desse opplysningane.
Sølv hengelås indikera at saken inneheld dokumenter som både er stengt og opne.

Klikk alltid på pila framfor dokumentet, også om dokumentet er låst. Ofte er det ein del underdokument som er opne og de får den informasjon som faktisk er tilgjengelig, for eksempel teikningar.

Ta kontakt med kommunen om du ynskjer innsyn i dokumenta med hengelås. 

Hjelp oss å rett feil i arkivet!

Finn du feil so meld det her

Arkiv 2015-2021 og frå og med 2022

Arkiva for perioden 2016-2021 er førebels ikkje tilgjengeleg for søk for publikum. Ta kontakt om du er på jakt etter noko i denne perioden.
Dei offentlege dokumenta for byggesak og landbruk frå og med 2022 er tilgjengeleg i postlista.