I samband med fastsetjing av betalingssatsane i kap. 2 til forskrifta har kommunestyret den 16.12.2010 i ksak 80/10 gjort mindre, redaksjonelle endringar i §§ 2, 9 og 10.

Kap. 1: Betalingsreglar.

§ 1. Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar. Plassering av tiltak i marka og innmåling i samband med ferdigmelding av byggetiltak er ikkje inkludert i gebyrsatsane.
 
§ 2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr. Manglande betaling ved forfallsdato medfører vanleg purregebyr samt rente på for sein betaling.
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld på mottaksdato for komplett søknad i samsvar med dokumentasjonskrava i sakshandsamingsforskrifta til lova.
 
§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Fakturering skjer når det er fatta vedtak i saka. Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato.
 
§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
For tiltak med fleire tiltaksklassar blir gebyret fastsett med grunnlag i tiltaksklasse for ansvarleg søkar.
 
§ 6 Avslag
Når vedtak på søknad medfører avslag skal det betalast 50 % av fullt gebyr. Ved avslag på søknad om ansvarsrett og søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr.
 
§ 7 Tiltak som ikkje kjem til utføring
Når det er gitt ramme- eller igongsettingsløyve, men tiltaket ikkje kjem til utføring, kan det etter søknad tilbakebetalast inntil 50% av det innbetalte gebyret.
 
§ 8 Ulovleg tiltak
Søknad om godkjenning av ulovleg utført byggearbeid blir belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak. Ved avslag på slike søknader skal det betalast fullt gebyr.
 
§ 9 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den einskilde saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.
 
§ 10 Tilsyn
Gebyr for tilsyn i medhald av lova er innrekna i betalingssatsane.
 
§ 11 Rabatt ved komplett, elektronisk søknad
Ved levering av komplett byggesøknad via e-ByggSøk blir det gitt 10% rabatt i høve til basisgebyret.
 
§ 12 Krav til private planforslag og forslag om reguleringsendringar
Private planforslag, herunder endringsforslag, skal leverast i digital form i samsvar med
kommunen sine kravspesifikasjonar.
 
§ 13 Endring av prisar.
Kommunestyret fastset endringar i betalingsreglane og av betalingssatsane. Ved prisendringar skal beløp avrundast oppover til næraste heile 10 – ti – kroner.
 
Kap. 2: Betalingssatsar for byggesaker i Luster kommune

Grunnbeløp for sakshandsaming etter plan- og bygningslova i 2022

Faktorpris 2022: 1 585,-

 
1.1 Eitt trinns handsaming 2022
Tiltaksklasse 1 9 510
Tiltaksklasse 2 15 850
Tiltaksklasse 3 22 190
   
1.2 FLEIR-trinns søknad 2022
Tiltaksklasse 1  
Rammeløyve 9 510
Igongsetjingsløyve 6 340
Tiltaksklasse 2  
Rammeløyve 15 850
Igongsetjingsløyve 9 510
Tiltaksklasse 3  
Rammeløyve 22 190
Igongsetjingsløyve 12 680
For kvart trinn meir enn to: kr 3 600,- pr. trinn/søknad   
   
1.3 Tiltak utan krav til ansvarleg føretak 2022
Tiltak som kan utførast av tiltakshavar utan krav til ansvarleg føretak. Gebyr pr. tiltak pr. eigedom (50 % av grunngebyr) 4 755
Eks: Tilbygg opp til 50 m2 frittståande garasjar og andre frittliggjande mindre bygningar opp til 70 m2  
   
2.1 Mangelfull dokumentasjon 2022
Blir fakturert etter medgått tid med timepris pr. time. (25% av grunngebyr), min. 0,5 time 1 585
   
2.2 Reviderte teikningar  2022
(25% av grunngebyr), min. 0,5 time 1 585
   
3.1 Tilbygg og påbygg til bustad  2022
0-30 m2 3 170
30-100 m2 4 755
Over 100 m2 9 510
   
4. Andre søknadspliktige tiltak 2022
4.1 Fritidsbygg   
Fritidsbygg 9 510
4.2 Naust   
Naust 0-50 m2 4 755
Naust over 50 m2 9 510
4.3 Bruksendring   
Handsaming av søknader som ikkje medføre ombygging 3 170
Bruksendring av loft, kjeller garasje eller rom innafor ei  bueining 0-50 m2 4 755
Bruksendring av loft, kjeller garasje eller rom innanfor ei  bueining over 50 m2 9 510
Bruksendring som medføre ombygging 9 510
4.4 Forstøtningsmur/innhegning/levegg   
Forstøtningsmur/levegg, under 10 meter 4 755
Forstøtningsmur/levegg, over 10 meter  9 510
4.5 Vesentleg terrenginngrep  
Vesentleg terrenginngrep under 500 m2 4 755
Vesentleg terrenginngrep over 500 m2 9 510
4.6 Skilt og reklame   
Skilt og reklame, pr. tavle 3 170
4.7 Riving  
0-100 m2 3 170
101-1000 4 755
Over 1000 m2 9 510
4.8 Bygningsteknisk installasjon   
Bygningstekniske installasjonar, herunder rehabilitering av skorstein 3 170
4.9 Utsleppsløyve, ureiningsforskrifta kapittel 12  
Søknad om utsleppsløyve og etablering av avløpsanlegg. 9 510
Søknadspliktig reparasjon av avløpsanlegg eller vesentleg auke av eksisterande utslepp der utsleppsløyve tidlegare er gitt. 4 755
4.10 Driftsbygningar i landbruket, pbl § 20-3 og 20-4  
Driftsbygningar i landbruket 0-1000 m2 4 755
Driftsbygningar i landbruket over 1000 m2 9 510
   
5 Gebyr for godkjenning av føretak for ansvarsrett/sjølvbyggar, pbl § 23-8 2022
Godkjenning av føretak som ikkje kan nytte erklæring om ansvarsrett, jf. byggesaksforskrifta § 11-4. 3 170
Sjølvbyggar 1 585
   
6 Mellombels bruksløyve/ferdigattest, pbl § 21-10 2022
Mellombels bruksløyve 3 170
Utferding  av  ferdigattest/mellombels bruksløyve som medføre meirarbeid, blir fakturert etter medgått tid med timepris pr. time (min 0,5 time) 1 585
   
7 Avslutta sak før realitetsvedtak er fatta 2022
Sak som blir avslutta før påbegynt sakshandsaming (eks. manglande innsending av opplysningar tross brev om dette) 1 585
Avviste saker der dokumentregistrering er utført  
Avviste saker med utført sakshandsaming, rettleiing er gitt og brev med førespurnad om tilleggsopplysningar ikkje har ført fram 3 170
Retur av saker som er vurdert til å vere unnateke søknadsplikt, jf. pbl § 20-5 (min. 0,5 time)  
Det blir fakturert gebyr for saker som blir avslutta utan realitetsvedtak, enten ved retur av søknad eller ved at saka blir avvist. 3 170
Saker som blir sendt inn, men som etter kommunens si vurdering ikkje er søknadspliktige, jf. pbl § 20-5, blir returnert med brev om at saka ikkje krev søknad. Avgjerda bygger på enkel sakshandsaming som det blir krevd gebyr for.   
   
8 Dispensasjon, pbl kapittel 19  2022
Sak som krev dispensasjon etter plan- og bygningsloven kap. 19 12 680
Dispensasjon frå 100-metersbeltet, der tiltaket er i tråd med godkjent plan.  6 340
Dispensasjon som kan handsamast administrativt 4 755
Fleire dispenasjonar omfatta av same søknad - administrativ handsaming 4 755
   
9 Deling av eigedom 2022
Deling i samsvar med plan- og bygningslova og arealplan 3 170
Deling i uregulert strøk, eller deling som krev dispensasjon frå arealplan eller plan- og bygningslova. 4 755
Gebyret blir fakturert når vedtaket blir fatta. Viss søknaden om deling blir godkjend, kan oppmålingsforretning utførast etter reglane i matrikkellova. Gebyr etter denne føresegna gjeld berre for handsaminga etter plan- og bygningslova. Vi fakturerer eit eige gebyr for oppmålingsforretning.   
   

10 Søknadspliktige mellombelse bygningar
100% av basisgebyr for vedkommande bygningskategori

 
   
11 For separate søknader: 2022
Søknader som krev godkjenning i medhald av lova, og som ikkje gjev BRA, herunder riving/fjerning av tiltak, er gebyret: 3 170
   
12 Tilbygg/påbygg betalast etter storleik: 2021
0-30 m2  3 078
30-100 m2 4 617
over 100 m2 9 234
   
13 Ved fornying eller endring av byggeløyve eller samtykke 2022
-med ingen eller lite vesentlege endringar 25% av opphavleg 
-vesentlege endringar i teikningar og/eller ansvarsrollar 100%
(ny søknad)

-endring av tidlegare gjeve byggjeløyve

1 585
   
14 Førehandskonferanse 2022
Utover 1, pr gong 3 170
   
15 Utferding av attestar 2022
Skal betalast etter medgått tid (ferdigattestar unnatekne)   1 585
   
16 Synfaring 2022
Synfaring som blir rekvirert av tiltakshavar eller føretak med ansvarsrett, pris pr. time 1 585
Minstesats 3 170
   
17 Utgifter til nødvendig sakkunnig hjelp eller undersøkingar i bygge- eller delingssak herunder : 2022
Kulturminnegranskingar og geologiske vurderingar etc., skal belastast tiltakshavar.    
   
18 Søknad om små endringar av reguleringsplan og
/eller tilhøyrande planbestemmelsar
2022
Små endringar er i denne samanheng saker som blir avgjort med administrativt vedtak i medhald av § 12-14 2.avsnitt siste ledd.  4 755
   
19 Privat forslag til regulerinsplan – pbl §12-11 2022
For forslag som kjem til realitetshandsaming, handsamingsgebyr 25 360
Tillegg pr tomt/ daa byggeareal kr 800,- frå tomt/ daa 3-15. Tillegg tomt/ daa byggeareal frå tomt/ daa 15-30 kr 500,-  (Max 42 000,-) 800/ 500
For reguleringsplan med 1 tomt til bolig/ fritidsbolig 14 265
Behandling av planprogram etter PBL § 12-9. Ved godkjent planprogram skal 50% av gebyr trekkast frå plangebyr. 15 850
Areal som blir regulert til offentlege føremål skal det ikkje betalast arealgebyr for/blir trekt frå.  
   
20 Forslag /søknad om reguleringsendring – pbl §12-14: 2022
Handsaming av søknader om endring av reguleringsplan, jf § 12-14 2. ledd 6 156
Handsaming av søknadar som krev full revisjon av planen skal behandlast etter pkt 19  
Avslag på søknad blir fakturert etter reglane i kap.1 § 6.