Byggjesak

.
Alle tiltak treng søknad og løyve i medhald av plan- og bygningslova, med mindre anna følgjer av enten § 20-3 for mindre/bagatellmessige tiltak, eller § 20-4 som regulerer tiltak som blir tilstrekkeleg handsama etter anna regelverk. Lova sin § 20-2 omfatter i hovudsak tiltak som etter gamal lov kunne byggemeldast. Kravet om søknad, dokumentasjon, løyve og ferdigattest er det same som i saker etter § 20-1, men i §20-2 sakene kan tiltakshavar sjølv stå for søknaden, prosjektering, utføring og kontroll.
Dei tiltaka som er opprekna i §20-2 er normalt relativt ukompliserte, og vil som hovudregel kunna handsamast innan 3 veker. Viss tiltaket kjem i strid med lova eller planar i medhald av ho, må det søkast om og vera gitt dispensasjon før tiltaket lovleg kan utførast, dette gjeld også tiltak unnateke søknadsplikt
Ta kontakt med kommunen viss du er i tvil om kva sakstype ditt tiltak høyrer inn under.
- Sjekk her om du må søkje om løyve til byggeprosjektet ditt
- Byggereglar på ein stad (lov, SAK10, TEK10, rettleiarar mm)



Plansjef