A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
COS - bilete

COS - kurs på Hafslo

FORELDREKURS – COS

Vi startar opp med nytt COS- kurs

( Circle of Security) for føresette og tek i mot påmeldingar no.

Kurset vert i Hafslo barnehage, på tysdagar i 1,5-2 timar og går
over åtte veker. Første kurskveld tysdag 25.februar.

Påmeldingsfrist 12.februar.

Til føresette.

Mange foreldre tykkjer det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god ein oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggheitssirkelen, skal gje dykk som foreldre verktøy til å forstå bedre kva behov barn har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.

Målet med kurset

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

I kurset snakkar vi om:

  • Tryggheitssirkelen. Tryggheitssirkelen hjelp oss til å sjå kva behov barna har for foreldra si støtte både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege følelsar.
  • "Vere saman" i tryggheitssirkelen. Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknytning følelsesmessig.
  • Vegen til tryggleik. Din tilgjengeligheit som forelder påverkar ditt barn sin måte å formidle følelsar og behov.
  • Vanskelege situasjonar. Vi vil gje dykk foreldre nokre reidskapar til samspel mellom dykk og barna når situasjonen kjem ut av kontroll. Vi ser på balansen mellom det å være tydeleg og samstundes vere ein god forelder.
  • Foreldra sine eigne erfaringar. Nokre gonger har vi vaksne erfaringar frå eiga fortid som gjer at reaksjonar i notid kan verte "større" enn naudsynt. Vi vil gje dykk nokre reidskapar til korleis de kan handtera dette.

 

Vi startar opp med nytt COS- kurs ( Circle of Security) for føresette og tek i mot påmeldingar no.

Kurset vert i Hafslo barnehage, på tysdagar i 1,5-2 timar og går over åtte veker. I veke 11 vert det kurs onsdag grunna arrangement i barnehagen tysdag.

Kurskveldar:

Tysdag 25.02.    kl.19.30

Tysdag 03.03.    kl.19.30

Onsdag 11.03.   kl.19.30  NB!

Tysdag 17.03.    kl.19.30

Tysdag 24.03.    kl.19.30

Tysdag 31.03.    kl.19.30

Tysdag 14.04.    kl.19.30

Tysdag 21.04.    kl.19.30

 

 

Påmelding til Solveig på epost: solveig.lokkebo@luster.kommune.no.

Frist 12.februar.

Vi vil gjerne vite om de kjem ein eller to føresette på kurset.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til kurset.
Tlf.57685835 / 41622595 (Solveig Løkkebø, styrar i Hafslo barnehage).

 

Helsing

Hilde Kristoffersen og Solveig Løkkebø

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS