Danske studentar
Me har vore så heldige å hatt to danske studentar frå lærarutdanninga i Århus i praksis hjå oss i seks veker. Tabita Bech Myhre har vore i 2. klasse, medan Malene Skannrup har vore i 7.klasse. Dei er 3. årsstudentar, og hadde såleis svært mykje å bidra med i dei respektive klassane sine. Det har vore svært kjekt å bli kjent med dei, og me håpar at dei har hatt nokre lærerike veker på Gaupne skule. Me ynskjer dei lukke til på vegen vidare mot læraryrket.