Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?
Luster kommune er med i eit nasjonalt prosjekt i regi av Kommunal og moderniseringsdepartement og KS der målet er å etablere lågterskeltilbod innan datahjelp tilpassa lokale forhold. Som del av dette har kommunen etablert samarbeid med bygdelaga i kommunen og frivillige datahjelparar.

Har du telefon, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir?
Døme på aktivitetar; lese avis på nett, pasientreiser, laste ned NRK TV, kjøp og sal, grunnleggande kurs, søke etter sydentur og mykje meir!

Bilete frå banktilbodet i bygdene

Tilbod ute i bygdene

Indre Hafslo bygde- og ungdomslag
Hafslo bygdelag
Skjolden bygdelag
Luster bygdelag
Jostedal bygdelag
Gaupne, frivillige

Bilete

Grunna koronasituasjonen er det no kun eit tilbod i Gaupne :

Datoar i Gaupne

Du finn meir informasjon om tilbodet på www.luster.friskus.com.

Me føl gjeldande reglar:

  • Alle deltakarar må vera heilt friske frå luftvegsinfeksjonar
  • bruk handdesinfeksjon når de kjem og når de reiser.
  • Unngå klemming og handhelsing
  • hold 1m avstand.

Positiv omtale for Datahjelpa i Luster

Kontaktperson:

Britt Veum Hauge
britt.veum.hauge@luster.kommune.no