Me vil minne om at smitteutbrot, samstundes som ferieavvikling, er tidkrevjande. Det er grunnen til at det kan bli noko ventetid på legekontoret, og at me ber om at du ventar med henvendelsar som KAN vente.

Me ventar svar på 36 prøvar ca. kl. 15 i dag. Dei fleste av desse er nærkontaktar som er i heime-karantene, prøvar frå dag 7. Dersom desse prøvane er negative og personen er symptomfri, kan dei gå ut av karantene. Dersom prøven er positiv startar me nytt  smittesporingsarbeid av nærkontaktar og isolasjon av positive pasientar.

Oppdateringar vil kome via heimesida etter dagens pressemøte kl. 16.00 med lokale/regionale media.

Elles kan du sjå og høyre oppslag frå intormasjon i går.


Hugs:

  • Hald avstand og vask/sprit hender.
  • Ta koronatest og hald deg heime viss du er sjuk.
  • Gå i heimekarantene til negativt prøvesvar i form av PCR-test er klar. 
    (Vi har i dette utbrotet med Delta-varianten i Sogndal & Luster fleire tilfelle av negativ hurtigtest trass positiv PCR-test.)

Ta del i dugnaden og gjer dette også sjølv om du er full- eller delvaksinert.