All smitten er knytta til Meat Point utbrotet.

Det blir gjennomført fleire testar. Me ventar svar på 36 prøvar i morgon. Dei fleste av desse er nærkontaktar som er i karantene, prøvar frå dag 7. Dersom desse prøvane er negative og personen er symptomfri, kan dei gå ut av karantene.

Det er framleis stor dugnad på gang, både blant innbyggjarane våre, men også på Legekontoret frå alle yrkesgrupper. Me ber difor om forståing for at det kan bli noko ventetid på legekontoret. Me ber også om å vente med henvendelsar om det som KAN vente til fastlegen din er tilbake etter fellesferien.

Me oppdaterer informasjonen når det føreligg nye prøvesvar.

Høyr gjerne på Radio Luster sitt intervju med vikarierande kommuneoverlege Morten H Larsen, 26.07.21. Her er det status og gode råd til oss alle.


Hugs:

  • Hald avstand og vask/sprit hender.
  • Ta koronatest og hald deg heime viss du er sjuk.
  • Gå i heimekarantene til negativt prøvesvar i form av PCR-test er klar. 
    (Vi har i dette utbrotet med Delta-varianten i Sogndal & Luster fleire tilfelle av negativ hurtigtest trass positiv PCR-test.)

Ta del i dugnaden og gjer dette også sjølv om du er full- eller delvaksinert.