Den kulturelle skulesekken - lokal informasjon (lokal plan mm)

Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit statleg kunst- og kulturprogram for grunnskulen finansiert av statlege spelemidlar og ein kommunal eigenandel. Gjennom dette programmet skal alle grunnskulane få profesjonelle kunst- og kulturopplevelsar i form av forestillingar, utstillingar, konsertar, kunstnarverkstader, etc.

 Lokal målsetjing:
Alle program skal utformast med ein introduksjon (a), der elevane skal førebu seg og planlegge gjennomføringa, herunder også forstå målet med programmet.

Sjølve gjennomføringa (b) skal klassen utforme og definere sjølve, gjerne i samarbeid med lokale ressurspersonar og lærar.

Etterarbeidet (c) skal både vera ei oppsummering, samtidig som elevane utfører ei evaluering og lagar ein kort-fatta rapport for innlevering. Dersom tilhøva ligg til rette for det kan enkelte program og eigne seg for ´presentasjon overfor foreldre og event. andre klassar og skuleavisa.

Programlengde:
Klassen legg til grunn ovanforståande tidsskjema som rettleiande og prioriterer sjølve tidsrommet for a – c. Eit viktig poeng er likevel at programmet ikkje er ferdig før pkt. c er gjennomført.

Kostnader:
Alle kostnader med gjennomføringa av programmet er føresett dekka av fellesbudsjettet for DKS.
Ut i frå budsjett og andre rammevilkår vil det vera påkrevd med ei prioritering for den enkelte skule.
Ingen program må setjast i gang før finansieringa er avklara.
Den enkelte skule må sjølve tinga / organisere transport der dette er aktuelt.


Tinging av program:
Kulturkontakten ved den einskilde skule samordnar og prioriterer program for sin skule.

Kontaktperson:
for Den Kulturelle Skulesekken (DKS) i Luster kommune: Erling Bjørnetun tlf.:57 68 55 21.


Her er link til:


 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogn kulturskule
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Rektor Roar Sandnes
mobil 918 48 373
 

Web levert av CustomPublish AS