Reserver boka her
Der fire veier møtes av Tomm Kinnunen
Denne boka er verdt ein Nordisk råds litteraturpris! Finske Tomm Kinnunen formidlar klokt, sterkt og vart om tre generasjonar kvinneskjebner, i ei tid som spenner over meir enn 100 år, frå 1890. Vinterkrigen passerast i tid, men nemnast knapt. Det er ikkje ei slik bok, som skildrar liding og naud i eit nasjonalt skrekkscenario. Forfattaren overlet til lesaren å utbrodere tidsbileta, og for så vidt mye anna også. Tid er ikkje vesentleg for forteljinga, for det er mykje menneskehistorie som gjentek seg. Ballansen mellom det sagte og usagte er nettopp det som gjer romanen unik.
Det handlar om sterke kvinner, som tek uvanlege val, ikkje heilt i tråd med gjengse normar; Men det handlar for all del også om Onni, ein usedvaleg mann, det gode mennesket, som verkeleg bringer gåte og nerve inn i forteljinga. Korfor blei alt som det blei, korfor gjorde dei som dei gjorde? For ein gong var dei jo alle menneske fulle av oppdrift og samkjensle. Heile skriveriet er eit forsøk på å forstå nettopp det, det som gjorde at dei fjerne seg frå kvarandre.
Ellen Borch Veum