Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 28.01.2021 (sak PFU – 8/21) å legge forslag til detaljreguleringsplan for besøkssenter Urnes stavkyrkje, med føresegner, planomtale og ROS-analyse datert 21.01.21, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10. Alle dokument som er til ettersyn i saka er lagt ved som vedlegg.

Hovudintensjonen til reguleringsplanen er å klargjere tomt for bygging av besøkssenter samt klargjere noko av infrastruktursituasjonen knytt til senteret. Det vert elles vist til plandokument for ytterlegare informasjon.

Planen med tilhøyrande saksdokument ligg også på servicetorget i rådhuset og på biblioteket på Pyramiden, Gaupne.

 

Har du merknader?

Eventuelle merknadar må sendast skriftleg til Luster kommune, Pb 77, 6866 Gaupne eller på postmottak@luster.kommune.no innan onsdag 17. mars 2021.

 

Har du spørsmål?

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf.:57 68 5507,E-post: Knut.Vidar.Svanheld@luster.kommune.no

 

Plandokument:

Plankart

Planføresegner

Planomtale

ROS-analyse

 

Handsaming:

Saksprotokoll – sak PFU – 8/21

Saksframlegg – sak PFU – 8/21