Totalt svara 95 elevar på undersøkinga. Det var ei mengd app`ar og spel som vart nemnde, så tilbodet av spel er særs stort. Det er likevel slik at dei spela og app`ane som tronar på toppen er veldig meir brukt og populære enn spela lengre ned på lista.

Fortnite, Roblox og Fifa er på topp tre når det gjeld dataspel medane elevane kårar SnapChat, Spotify og TikTok som mest populære app på mobiltelefonen. YouTube er truleg den nettstaden som ungdom brukar mest. Mest populære YouTube-sjanger blant elevane er: Gaming (filmar om dataspel, t.d. at ein ser korleis andre ungdomar spelar eit spel), humorvideoar, Challenge-videoar (filmar der t.d. kjende bloggarar gjennomfører ei eller anna form for utfordring).

Kjønnsforskjellar
Ikkje overraskande er det stor skilnad mellom kva jenter og gutar spelar og kva dei likar å sjå på YouTube. Medan Gaming-filmar er aller mest populært blant gutar på YouTube, så likar jentene mest å sjå humorvideoar. Fortnite og Fifa er toppfavorittspela blant gutar. Jentene derimot har kåra Hayday og Minecraft som mest populære spel. Både gutar og jenter har til felles at SnapChat, Spotify og TikTok er mest populære mobilapp`ar.

Mest populære spel

Mest populære app

Mest populære youtube-sjanger

Gutar

1 Fortnite
2 FIFA
3 Roblox
4 Clash of Clans
5 Minecraft

1 Snapchat
2 Spotify
3 TikTok
4 Steam
5 Discord

1 Gaming
2 Humor
3 Sport
4 Challenge

Jenter

1 Hayday
2 Minecraft
3 Fortnite
4 Roblox
4 HelixJump
6 Sims

1 Snapchat
2 TikTok
3 Spotify
4 Youtube

1 Humor
2 Challenge
3 Musikk
4 Noko anna
5 Sport
5 Instruksjonsfilmar

Skjermtid
Eitt av spørsmåla i undersøkinga dreide seg om skjermtid og kor mykje tid elevane brukte på skjerm aleine i løpet av ein gjennomsnittsdag. Her svara 64 % av elevane at dei brukte to timar eller meir på skjerm aleine per dag. Dersom ein samanliknar gutar og jenter, så bruker gutane som svara noko lengre tid bak skjerm enn jentene, 72 % av gutane brukar to timar eller meir, 54 % av jentene brukar to timar eller meir. Om lag 10 % av elevane svarar at dei bruker mindre enn ein time på skjerm aleine ein gjennomsnittsdag.

Skjermtid er også spørsmål i den store nasjonale undersøkinga UngData. Der svara  37 % av ungdoms-skulane i Luster i 2017 at dei brukte minst ein time på dataspel eller TV-spel på ein gjennomsnittsdag.
I UngData-undersøkinga vart ungdomsskuleelevane også spurte om bruken av sosiale medium. 34 % av elevane svara at dei har brukt størsteparten av to kveldar eller meir på sosiale medium i løpet av den siste veka. På dette spørsmålet er det ein klar kjønnsskilnad. 48 % av jentene svara ja på dette spørsmålet medan 22 % av gutane svara ja på at dei brukte to kveldar eller meir på sosiale medium.
Her er nok gutane i som gutane andre stader i landet, dei spelar mykje dataspel.

Les meir om dataspel og skjermtid:
http://www.barnevakten.no/
http://www.medietilsynet.no/barn-og-medier/dataspill/