Kommunen har 25 prøvar inne til analyse som me ventar svar på i morgon.

Me er stolte over innsatsen og lojaliteten innbyggjarane viser for å stoppe smitten av Delta-varianten av koronaviruset og opplever at oppmodinga frå kommunen blir følgt.

Oppmoding som Luster kommune framleis har til alle innbyggjarane våre:

1.       Hold avstand og vask/sprit hender.

2.       Ta koronatest og hald deg heime viss du er sjuk. Bli i karantene til negativt prøvesvar ligg føre.

3.       Me krev ikkje, men ber om at fullvaksinerte nærkontaktar også går i karantene.

4.       Me krev ikkje, men ber om at nærkontaktar som er delvaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan går i karantene.

5.       Me krev ikkje, men ber om at alle, uansett vaksinestatus ventar til dag 7 etter smitteeksponering med å ta PCR-test og blir i karantene til svar ligg føre.

6.       Me ber om at du tek del i dugnaden også du som er vaksinert. Opptre som om du ikkje er vaksinert. Test deg umiddelbart ved symptom, uansett vaksinestatus og gå i - evt sjølvvalt - karantene til negativt svar ligg føre.

7. Me oppmodar til at alle følger dei nasjonale reglane ved sosiale samlingar og er ekstra varsame med å samle store grupper folk utan å følgje dei nasjonale reglane , 

 

Vaksinasjon:
Kommunen har ca. 420 doser tilgjengelige 4. august, 360 dosar 11. august og 18 august. Me oppmodar alle til å få sett fyrste vaksinedose så raskt som mogleg. Bestill deg time til vaksinasjon på helsenorge.no eller via koronatelefonen 906 72 675.
Vaksinen er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne.

Opptak i Radio Luster 28.7.21.
Opptaket er gjort før prøven frå i går var analysert og før den nye smitta var kjent på kvelden den 28. juli.