For kvar bok du les, får du poeng og går opp i level. Få også med deg den superspennande nyskrivne Sommarles-forteljinga av forfattar Mari Moen Holsve på nettsida, løys oppgåver, hent premiar på biblioteket og følg med på kva vennene dine les.

Sommarles blir avslutta med sommarlesfest laurdag 11. september. Da kjem forfattaren som har skrive sommarlesforteljinga på besøk til Luster bibliotek. Det blir spennande arrangement med ho, og trekking og utdeling av mange premiar.

Med bøker kan du reisa langt av stad til fjerne land, både til framtida og fortida. Lån ei bok og la orda og fantasien føra deg ut i verda!