”Alle barn bør lære å programmere en datamaskin

... fordi det lærer deg å tenke .”

– Steve Jobs

Kva er «Kodetimen»?

Kodetimen starta som ein internasjonal kampanje hausten 2013 med støtte frå store amerikanske IT-selskap og ei rekkje kjente personar som t.d. Barack Obama, Malala Yousafzai og Mark Zuckerberg. «Hour of Code» er ei undervisningsøkt der elevane, via enkle informatikk- og programmeringsoppgåver, får øve seg på kommunikasjon, samarbeid, kreativitet og problemløysing med datamaskina som verktøy. Elevane som deltek får også ein smakebit av korleis det er å vere produsent av digitale tenester, og ikkje berre vere passiv forbrukar av programma dei nyttar kvar dag.

I 2013 deltok 10.000 elevar på Kodetimen i Noreg, medan ein i 2016 nådde det største talet på deltakarar så langt med over 111.000 elevar på landsbasis. I år var elevane frå Luster ein del av over 92.000 elevar som deltok.


Kodetimen i Luster

Så godt som alle elevane i kommunen deltok på opplegget. På dei aller fleste skulane blei det gjennomført eit opplegg med oppgåver frå nettsida www.code.org. Her kan dei bruke programmering med utgongspunkt i omgjevnader som er kjente for dei fleste elevar, som t.d. spelet Minecraft og filmane Frost og Star Wars.

Mange elevar fekk også høve til å prøve seg som rettleiarar for yngre elevar. På Jostedal oppvekstsenter fekk 5.-7.trinnselevane vere rettleiarar for elevane på 2.-4.trinn etter å sjølve ha gjennomført Kodetimen ei veke før, og på Veitastrond skule fekk elevane besøk av ein flink og ivrig hjelpar som sjølv har vore elev på skulen tidlegare. Både Solvorn og Gaupne skule arrangerte Kodetimen med god hjelp og støtte frå elevar frå ungdomsskulen på Hafslo og i Gaupne som har programmering som valfag. (Sjå bilete frå gjennomføringa)


Motiverande og lærerik aktivitet for elevane

Tilbakemeldingane frå elevane har vore veldig positive. Mange var svært motiverte og engasjerte i programmeringa, og uttrykte ynskje om å halde fram med arbeidet heime. Tre av elevane som deltok var Mathilde Kristine Aspelund, Daniel Fimreite og Victoria Stein frå 7.trinn på Hafslo barne- og ungdomsskule. Av dei tre var det berre Daniel som hadde prøvd koding før dei var med på Kodetimen i desember. I denne undervisningsøkta brukte dei blokkprogrammering med utgongspunkt i spelet Minecraft.

Victoria Stein.png«Me koda i Minecraft. Me gjorde slik at figurar gjekk fram og bevegde på seg. For å få dette til å skje måtte me setje saman nokre blokker», fortel Victoria.

Alle tre er einige om at økta var kjekk, og ga dei utfordringar undervegs.
Mathilde Kristine Aspelund.pngDaniel Fimreite.png«Det kan vere litt stressande om ein ikkje får det til. Det blei vanskelegare etter kvart, for då måtte ein gjere meir med blokkene», seier Mathilde og Daniel.


Hafslo er ein av dei to skulane i kommunen som tilbyr programmering som valfag. Sidan elevane no går på 7.trinn har dei moglegheit til å velje dette allereie neste år. På spørsmål om dei kan tenkje seg å lære meir programmering og ta det faget neste år er dei også samstemte.

«Ja, det kan eg. Det er morosamt å drive på med. Du lærer mykje og du skjønnar litt kor vanskeleg det var for dei som har laga spelet og har gjort at me kan spele Minecraft», seier Daniel.

Programmering som valfag

Luster ungdomsskule og Hafslo barne- og ungdomsskule deltek i eit treårig pilotprosjekt med programmering som valfag med oppstart skuleåret 2016/2017. Gjennom denne forsøksordninga får skulane økonomiske midlar som er øyremerka programmeringsfaget og som gir moglegheit til å kjøpe inn utstyr.

I dette faget får elevane jobba med både blokk- og tekstbaserte programmeringsspråk og får blant anna høve til å lage eigne program, appar og programmere fysiske objekt som t.d. robotar og mikrokontrollerar.

Erfaringa så langt viser at elevane er svært motiverte og engasjerte i faget, og lærer seg og forstår det digitale samfunnet på ein annan måte gjennom samarbeid, problemløysing og systematisk tenking.