Erstatning av bøker og anna materiale


Lånaren er ansvarleg for alt materiale han/ ho låner og må erstatta eventuelle tap og skader, jfr utlånsreglementet for Luster bibliotek.

Biblioteket vurderer erstatningssummen i kvart enkelt tilfelle ut frå følgjande kriterier:

- Kva det kostar å kjøpe inn eit nytt eksemplar.
- Kor mange gonger har boka/ materialet vore utlån.
- Alder og eventuell slitasje


Bøker: Minstesats kr 150 for barn, kr 300 for vaksne.
For fjernlånte bøker gjeld satsar til det enkelte eigarbibliotek.

Erstatningskrav som ikkje vert betalt vert sendt til inkasso.


 
Sist endra 21.10.2021
Ellen Borch Veum