A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fadderlesing er i gang

Innkøyringsperioden er over, og me er i gang med den tradisjonelle fadderordninga der storskulen les for 5 åringane i barnehagen og 1. og 2.klassingane.

To som kosar seg i lesekroken
To som kosar seg i lesekroken
Etter lesinga er det klart for spel
Etter lesinga er det klart for spel
Her blir det bygd mange fine ting!
Her blir det bygd mange fine ting!
Kva stoppar terningen på denne gongen, mon tru?
Kva stoppar terningen på denne gongen, mon tru?

Det er mykje positivt å seie om fadderordninga og fadderlesing, både sosialt og fagleg. Det kan kanskje vere litt skummelt den fyrste/dei fyrste gongene til fadrane blir betre kjente med fadderborna sine og omvendt. Men dette går seg fort til, og ordninga kan gjera det tryggare for borna i mange samanhengar. I tillegg får dei store øve seg på å lese høgt for ein yngre, og må tilpasse både språk og bok til den som skal bli lese for. Det må øvast i å lese tydeleg og ikkje for fort. Og av og til må dei store også tenkje at det er ikkje alltid dei yngste har same tolmodigheit som elevane på samme alder. Når dei les, fortel og snakkar i lag om kva dei tenkjer om det dei les - jå då kan det bli mange fine stunder av det. Etter lesinga spelar dei spel eller byggjer noko, og då går også praten, noko som igjen fremjar språkutviklinga i lag med lesinga. 

No er me altså i gang, og me forset med lesing kvar onsdag frå kl 09:30 til 10:00.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS