Luster kommune er godkjent som Fairtrade kommune. Fairtrade handlar om rettferdig handel. Fairtrade arbeidar for at internasjonal handel skal føregå på eit grunnlag som set folk i stand til å leva – ikkje berre overleva. Ved at ein handlar Fairtrade-merka produkt bidreg ein til at dei som har produsert vara kan forsyta seg sjølv og familien sin, utan å vera avhengig av hjelp og bistand. Med dette får dei høve til å skapa si eiga framtid og bidra til å byggja opp sitt eige lokalsamfunn.
Luster kommune si styringsgruppe oppfordrar til rettferdig handel.
Svein Tore Heltne (leiar), Beate Bondevik Lie (nestleiar), Odd Atle Stegegjerdet, Ole Johnny Uthus, Abdirahman Abdullahi Dahir.