Finn planane sjølv på internett
Alle som har internett har no tilgang til det digitale planarkivet i kommunen.
Her får du ei forklaring på korleis du skal gå fram for å finna dei gjeldande reguleringsplanane i kommunen.
Ikkje ver redd for å prøva den nye tenesta.
(Hald musepeikaren over bileta og klikk for å få bileta større)
Oppskrift:
- Start med å gå inn i kartbasen til Indre-Sogn på adressa www.sognekart.no. Her får du opp eit kart over heile regionen. Bruk lupa som ligg på den blå verktøy-linja (sjå Sognekart-1) og lag ein firkant over det området i kommunen du vil sjå nærare på. Du zoomar deg no inn i den kommunale kartbasen.
- Når du er i kartmålestokk over 1: 50.000 vil du ikkje sjå kvar det er gjeldande planar. Fyrst i målestokk under 1: 20 000 byrjar du å sjå detaljar i reguleringsplanane. Det er lurt å ha zooma seg ned til målestokk 1:10.000 for å få fram flest mogeleg detaljar i plankartet før du ber om meir informasjon. No vel du regulerings og bebyggelsesplaner i vindauget til venstre (sjå Sognekart-2). Kartet oppdaterer seg sjølv.
- No vel du I-knappen på øverste verktøylinje (sjå Sognekart-3) og du får opp eit spørsmålsteikn når du flyttar på musa. Hald spørsmålsteiknet over den planen du vil sjå på og trykk på venstre musetast. Det kjem no opp ei liste med linkar til venstre (sjå Sognekart-3), der du kan velje å sjå på original plan, bestemmelse (føresegner og planomtale), vedtak og tittelfelt. Du kan også be om å få planen markert i kartet. På fanekorta til venstre kan du også endra bakgrunnskartet bak planen.
Dersom du ynskjer det kan du få lagt på eigedomsgrenser (raude linjer), stadnamn, bygningar, leidningar osv. oppå planen ved å gå på eit nytt fanekort til venstre merka med figur svart firkant med grøn V-hake. Merk av i boksane for det du vil sjå og trykk på knappen over som heiter Oppfrisk. Det er viktig å vera klar over at dei planane som er lagt ut til no er bilete og dei treng ikkje liggja heilt rett i forhold til andre vektordata på kartet. Du kan difor ikkje sjå i detalj akkurat kvar eigedomsgrenser mm ligg i planen, men du får likevel ein god oversikt. I framtida vil nye planar verte av mykje betre kvalitet og korrekte uansett kva kartmålestokk du ynskjer å sjå dei i.



