Fleire hus til sals og til utleige i kommunen
Kommunen har ei tid jobba med prosjektet "Folk i fleire hus". Dei har i sitt arbeid vore i kontakt med huseigarar i kommunen som kan tenkje seg å leige eller selje eigedomar, og annonserer gjennom kommunen si heimeside.
Prosjektleiar Valborg Heløy opplyser at det for tida er eigedom til sals i Skjolden og i Fortun.
Om nokon ynskjer å prøvebu her i kommunen er det hus til leige i Leirdalen, på Veitastrond, i Hestehagen i Fortun og gardsbruk til leige nær Ornes.
Meir informasjon under prosjektet "Folk i fleire hus"
