Flytte til Luster
Luster kommune vart i Dagens Næringsliv den 11.8.08 kåra til Noregs beste kommune å bu i. Kåringa baserer seg på ei rekke statistiske fakta, og Dagens Næringsliv har hatt samarbeid med Statistisk Sentralbyrå for å komme fram til resultata.
At Luster kommune er god å bu i er noko vi som alt er her har vist lenge. Vi har gode kommunale tilbod, vi har ein fantastisk natur, vi har mange spennande bedrifter og vi har kultur- og fritidstilbod som skulle passe dei fleste.
Folketal
Folketal
Luster kommune har i mange år hatt relativt stabilt folketal. Vi ser også at unge folk utan spesiell tilknyting til kommunen flytter hit. Her i Luster er det kort veg til nabokommunar som Sogndal og Leikanger, desse kommunane har mange av kompetansearbeidsplassane innan offentleg verksemd i fylket. Her er Høgskule, Vestlandsforsking, Fylkeskommune, Vegvesen, NAV, Fylkesmann, Norge.no og meir. Luster kommune er stor, og vi vil gjerne ha fleire å dele livskvalitetane og naturen vår med.
Folk treng hus og hus treng folk:
Kva kan vi tilby dei som vil flytte til Luster?
- Bustadmarknaden, muligheit til å få tak i store naturtomtar
- Aktivt kulturliv
- Jostedalsbreen, Jotunheimen, Sognefjorden, Breheimen
- Ledige jobbar i regionen vår
- Mange spennande bedrifter

