Opningstid for ordinær førehandsstemming:
10.august  - 18. august, måndag-fredag kl. 08.00 – 15.00
21. august – 6. september, måndag – fredag, kl. 08.00 – 15.30

Torsdag 7. september kl. 08.00 – 18.00
Fredag 8. september kl. 08.00 – 20.00

Du kan førehandsstemme her i kommunen hjå oss i servicetorget, eller du kan førehandsstemme i ein anna kommune. Om du eksempelvis studerer i Bergen, kan du førehandsstemme der. Då vil Bergen kommune sende stemma di til Luster. Om du førehandsstemmer i eigen kommune, er prosessen om lag som på valdagen. Du blir kryssa i manntalet og får legge stemma rett i urna. Om du stemmer i anna kommune, legg du stemma i 2 konvoluttar og den blir sendt til kommunen der du er manntalsførd.

Ta kontakt på rådhuset i den kommunen du vil førehandsstemme i. 

Tidlegstemming:
Har du problem med å førehandsstemme etter 10. august, får du høve til å stemme ”tidlegstemme” frå 3. juli til 9. august. Ta kontakt på servicetorget.

På institusjonar vil det bli eiga førehandsstemming.
Dei som bur på institusjon treng ikkje ta med legitimasjon. Alle veljarar har høve til å førehandsstemme på institusjon, både bebuarar, tilsette og andre veljarar.

Gaupne omsorgssenter:
Tysdag 5. september kl. 11.00 – 14.00

Luster omsorgssenter:
Onsdag 6. september kl. 10.00 – 12.00

Hafslo omsorgssenter:
Torsdag 7. september kl. 11.00 – 13.00

 

Meir informasjon om Stortings- og sametingsvalet.