Folk i fleire hus
Prosjekt ”Folk i fleire hus” har som mål at nokre av dei husa som i dag står tomme mestedelen av året skal verta tilgjengelege for folk som ynskjer å busetja seg i Luster. Me ynskjer å fortelja dei som eig hus og eigedom i Luster at dei sit på ein nøkkelressurs til busetjing og vidare aktivitet og utvikling i bygdene.
Erfaringa halvvegs er at mange har svært sterke kjenselmessige band til staden dei sjølve eller foreldra har vakse opp. Mange tykkjer ikkje dei kan selja av omsyn til generasjonane før eller generasjonen som kjem etter, og ventar gjerne i det lengste på at interessa for å overta eit småbruk i Luster skal melda seg hjå arvingar som gjerne har etablert seg andre stader i landet. Mange av dei me har snakka med oppgjev også at dei nyttar huset sitt til feriehus. Det er svært få som trekk fram pris eller ulemper knytte til konsesjon/buplikt som grunngjeving for å ikkje selja.
