A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

For å få ein god vinterdag ute er det viktig med gode kle!

Me er ein barnehage som er mykje ute, og ynskjer at borna skal få gode opplevingar med å vera ute. DIfor er det svært viktig at dei har gode kle med seg i barnehagen.
Dersom eit barn har lite kle på seg, og frys vil det ikkje vera ei god oppleving. Og barnet fell kanskje utanfor leiken, og kan bli lite aktiv.
Me ynskjer helst ull (for dei som har det, og dei som ikkje reagerar på det), då sparar barnet mykje frustrasjon ved å berre kunne ha på seg dressen utanpå, eller på ekstra kalde dagar så treng dei berre eitt ekstra lag før dressen. Me håpar me får til eit godt samarbeid på dette. Les meir under:

Dersom eit barn kjem i barnehagen med t-skjorte og dongeribukse, skjørt, kjoler eller andre "vanlege" kle og me skal ut må barnet ta av seg desse kleda, før dei så må finne ullkleda og ha dei på seg, kan dei kle på seg dress/utekle. Når 24 barn på kvar base skal gjere dette blir det lett ein uoversikteleg situasjon, og me brukar lang tid på å kome oss ut.

Me ynskjer jo at påkledninga skal vera ein lærerik situasjon òg, og at det difor er lagt til rette for det.

Inne i barnehagen er det god innetemperatur så borna treng ikkje ha ullstilongs og ulltrøye under vanlege kle. 

Me ynskjer at borna har to par vottar med seg. Dersom dei blir kalde på hendene så er det godt å finne tørre, varme vottar i hylla, slik at me kan vera ute litt til.

Sjekk hylla i garderoben om det er ullundertøy og bytesokkar, truser og tjukkekle som strikkakle eller fleecekle.
I korga i ytste garderoben ynskjer me luer og vottar, og utekle. 
Då kler me oss, på veg ut.

 

Vonar me alle gjer det me kan for at borna våre får ei god oppleving med å kome seg ut, og å vera ute. Når me har hatt ei god uteøkt, så er det ekstra kjekt å kome innatt òg :) Raude og gode i kjakane :)

Måtte vinterveret vare ei stund til.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS