A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Logo55_m-visjon21

Referat frå

FORELDREMØTE BARNEHAGE

Årsplan, satsingsområde, praktisk info og plan om foreldremøte til vinteren med tema inkludering/trivsel og nettvet i barnehagen.

Me såg denne videosnutten om LEIK i barnehagen, for å minne om at leiken er den viktigaste aktiviteten i barnehagen:https://www.facebook.com/Utdanningsdirektoratet/videos/vb.87985458497/316993805781708/?type=2&theater

Me såg òg denne videosnutten om kva "mobbing i barnehagen" handlar om (med Pål Roland frå Læringsmiljøsenteret):

 

 

 

HER ligg referatet som pdf-fil

Her er teksten:

FORELDREMØTE I BARNEHAGEN

Torsdag 27.SEP kl 19.30 - 21.30

Sakliste:

1. «Saman om barn og unge i Luster» - kort presentasjon v/Marthe Krogstadmoen

  • Sårbare barn og unge: mellom anna dei som lev i heimar med rus og vald, men òg andre typar utfordringar – skal hjelpe alle born som treng det så tidleg som mogleg
  • Viss du er bekymra for eit barn: Portal på luster kommune sine nettsider
  • Portalen har samla det som fins av informasjon og ressursar, ein kan finne dette ut frå kva rolle ein har – forelder/barn/tilsett/trenar e.l.

2. Satsingsområde for Luster Kommune v/Mette:

  • Språkkommune – vidareføring av fleireårig satsing på språkutvikling (alt frå lesing, rim/regler, omgrepslæring til språkvanskar, norsk som andrespråk m.m.)
    • Kommunen har tilsett ressurspersonar i dette arbeidet (som vert betalt av statlege midlar)
    • Språkløyper: Alle kollegium i skule/barnehage i kommunen jobbar med kompetanseheving gjennom «kompetansepakkar» frå Lese- og skrivesenteret, me jobbar med pakka som handlar om Språkvanskar (både i skule og barnehage)
  • Inkluderande barnehage- og skulemiljø (IBOS)
    • Satsing i lag med alle kommunane i Sogn, med fagleg rettleiing frå Læringsmiljøsenteret i Stavanger
    • Satsinga innebærer hovudsakleg to konkrete tiltak på overordna nivå:
    • Kompetanseheving for personalet i skule og barnehage: Korleis observere slik at me oppdagar «tidleg mobbeåtferd» (ekskludering)? Korleis rettleier me borna når me ser teikn på ekskludering? Korleis førebygger me ekskludering – korleis bygger me eit miljø som inkluderer?
    • Tettare samarbeid med foreldre om å bygge eit trygt og inkluderande miljø. Me i skule/barnehage treng at foreldre kjem til oss raskt om dei lurer på noko, at bekymring og kritikk vert teke opp med oss – og at me hjelper kvarandre med å sjå heilheita i kvardagen til borna slik at me kan oppdage mønster – jf filmsnutt me såg i lag: https://youtu.be/6YbdNDE4Tos
    • Det kom ynskje frå nokre av foreldra om at barnehagen kan dele tips me lærer i samband med satsinga – dette vil me prøve å få til på foreldremøtet til vinteren (då har me òg lært litt meir om dette).

 

3. Årsplan 2018/2019 v/Anne Kristin

  • Obs: Alle planar er GJETTING om framtida, dei uttrykkjer kva me YNSKJER å få til, men det vil alltid skje endringar og tilpassingar til dei føresetnadane som er til ein kvar tid. Me er avhengige av at borna har skiftetøy og klede i orden, at personalet er friske osb – og av og til er det bra å improvisere! Alle borna er ute kvar dag. Det er turdagar kvar veke, så det er lurt å gje beskjed om eit barn skal ha fri, slik at me evt kan byte turgruppe eller andre aktivitetsgrupper for det barnet den veka.

  • Tovekersplanane fortel meir detaljert om kven og når dei ulike aktivitetane finn stad.
  • Innspel frå foreldre er tekne med i årsplanen. Noko av det me snakka meir om på møtet:
    • «Jorda vår» er overskrift dette barnehageåret.
    • Det vert «bytemånad» i november med ulike tema for kvar veke (t.d. «leiker», «uteklede», «bøker» - og ei veke med høve til å få med seg det ein gjekk glipp av?)
    • Forslag om tur til SIMAS. Mette veit at dette har vore vanskeleg å få lov til for andre barnehagar, men me vil undersøkje moglegheiter. I tilfellet er me avhengige av at foreldre kan vere med som sjåførar.
    • Gjenbruk: Me vil sjå på ulike alternativ til alle plastposene som går med til byteklede heim – tøyposar eller gjenbruksposar av plast (av typen dei sel i matbutikkane t.d.)
    • Brannvernveke no i slutten av september, har opplegg for borna med «Brannbamsen Bjørnis». Vil ha liknande opplegg med førstehjelpsdokka «Henry». Anne Kristin synte fram.
    • Forut-prosjekt no fram til «Forutfestival» 31.oktober. Filmane er passordbeskytta, men om nokon ynskjer å sjå dei om att heime, er passordet BA2018.
    • Mat og helse: Barnehagen vil gjerne ha tips om oppskrifter på sunn mat, på møtet vart det nemnt smoothie, vaflar med ¾ havremel og kesam/vaniljeyoghurt som tilbehør til bursdagsfrukt. Kom gjerne med fleire forslag! Barnehagen planlegg varmmat om lag annakvar veke gjennom året.
    • Det vert faste skidagar i barnehagen til vinteren òg (når det er gode tilhøve), dei andre dagane i veka vil det òg vere ope for å gå på ski, men då for dei som er nokonlunde sjølvstendige (elles er det ikkje nok vaksne). Sjølvsagt viktig at klede og utstyr er i orden, at dei som skal ha ull inst har dette på frå morgonen osb.
    • Det vert bading i år òg, jo meir foreldre kan stille opp som ekstra vaksne, jo fleire gonger får me det til for kvart barn.
    • Ta med pute til kvilestund

4. Den digitale verda i barnehagen? Refleksjonar frå foreldre og tilsette v/Mette

  • Me følgjer nasjonale retningslinjer for publisering av bilete, gje beskjed om det er noko de er ueinige med oss i praksisen.
  • Det er sett i gong eit kommunalt arbeid med ei strategigruppe for IKT i barnehagen, der Mette er med. Denne gruppa jobbar både med korleis barnehagen skal jobbe med nettvet i lag med born, korleis dei kan har mest mogleg likt utgangspunkt når dei byrjar på skulen, og korleis personalet nyttar digitale verktøy til dokumentasjon og læring i barnehagen.
  • Det kjem nytt program for kommunikasjon mellom barnehage og foreldre etter nyttår (Visma Flyt barnehage), her vil det òg komme app’ar som me enno ikkje kjenner funksjonaliteten til. Meir info kjem.
  • Det var ynskje om at nettvet i barnehagen kan vere tema på foreldremøtet til vinteren.

 

5. Val av representantar til Foreldreutvalet (to av dei vert òg med i Samarbeidsutvalet, SU):

Bjørn Gjelsten, Ellen Kynningsrud, Bjørnar Bjørhusdal og Marte Meland (dei to første med i SU)

 

6. Uteområdet i skogen – kort idémyldring (kva meir skulle me hatt der?) v/Mette

  • Om me får pengar frå Gjensidigestiftelsen, kan me gjere mykje, men dette krev dugnadsinnsats frå foreldre (òg til planlegging/prosjekteringDet er føreslege gapahuk, send gjerne fleire forslag til Mette!
  • For at dette skal bli bra, treng me nokon som hjelper til med å finne konkrete alternativ, prisar osb – meld interesse!

 

7. Praktisk info v/Anne Kristin og Mette:

  • Foreldreundersøking i november – viktig at de svarer, men at de òg seier frå til barnehagen om dei forbetringane de ynskjer.
  • Nissefest – fastsette dato: torsdag 6.des kl 15.30 – 17
  • Fotografering våren 2019– gruppebilete, enkeltbilete og bilete i lag med sysken (òg på skulen)
  • Dugnad om våren veka før 17.mai – fast inn i årshjulet

 

Referat: Randi Norberg og Mette F. Reinertsen

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS