A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Logo55_m-visjon21

Oppsummering etter

FORELDREMØTE SKULE 10.september

Trivsel,tillit og respekt, planar og skjermbruk - og ikkje minst vidare arbeid med uteområdet. Her er ei oppsummering av det som vart teke opp på foreldremøtet for skulen måndag 10.september 2018.

1.Individuell runde: Kva lurer me på/ kva ynskjer me svar på i løpet av møtet?

  • Saker som skal følgjast opp av skulen: Spørje bygdelaget om reparasjon av ballbingen

2. UTEOMRÅDET: 

  • Det vart gjort ein stor dugnadsinnsats både før, under og etter dugnadsdagen 26.mai i år. 
  • Vaktmeistar har teke på seg å gjere ferdig sandkassekanten, men han har berre ein dag i veka på skule/barnehage/samfunnshus, så han må gjere det innimellom når han har tid. Klatrehuset er skal vere heilt ferdig før haustferien.
  • Pga innsparing på vaktmeistartenesta, må me rekne med at prosjekt som dette må gjerast på dugnad. Skulen føresleg å ha ein dag eller ein ettermiddag kvar vår der det er dugnad i skule og barnehage.
  • Det vert søkt om meir pengar til vidareføring av prosjektet (Gjensidigestiftelsen, søknadsfrist 15.sep), demokratisk prosess med elevane syner at dei ynskjer zipline som det neste innkjøpet.

3. SATSINGSOMRÅDE

Språk:

  • Luster kommune er "språkkommune", det tyder at me får nasjonale midlar til å drive språkarbeid i skule og barnehage
  • Ressurspersonar kommunalt som driv arbeidet med kompetanseheving (nettverk to gonger i året kommunalt, 2 gonger i året regionalt for alle pedagogar i skuleog barnehage)

Inkluderande barnehage- og skulemiljø ("IBOS")

  • Samarbeid i Sogn region
  • Kompetanseheving for alle som jobbar i skule og barnehage i Sogn – barnepsykolog, iobservasjon/avdekking av skjult mobbing/ekskludering ++
  • Døme på tema: Førebygging av mobbing, psykisk helse, ulike typar mobbeproblematikk/ekskludering osb
  • "Saman om barn og unge i Luster" - ny nettressurs som hjelper ved bekymring for barn/unge, syner korleis nettverket rundt barn og unge i kommunen er organisert og korleis ein går fram om ein er bekymra.


4. TRIVSEL

  • §9a - rettar og rutinar: Nytt i lovgjevinga frå aug 2017: Understreking av at det er den subjektive opplevinga til barnet som er styrande – om eit barn ikkje har det bra, skal skulen undersøkje saka uansett!
  • Kommunen har felles skjema for registrering og oppfølging v/meldingar om at barn ikkje har det bra.
  • Inkludering/ekskludering - alle sitt ansvar
  • Tillit til skulen? Viktig å ta opp spørsmål, bekymring, irritasjon direkte med skulen – ikkje gå med det over tid, me er heilt avhengige av å ha tillit om me skal kunne samarbeide om det beste for barna.

5. PEDAGOGIKK og PLANAR – vekeplanar og bolkplanar:

  • Mette synte fram, dette vil ligge på heimesidene, kan evt sjå meir på det på klasseforeldremøta om det er ynskje om det.

 
6. INFORMASJONSKANALAR: Vekeplan, e-post/sms, heimesida og Instagram


Innimellom informasjonen frå rektor, hadde me "kafédialog" der alle sat i grupper på fire, og skulle ta stilling til ulike påstandar - om ein var "Heilt einig", "Litt einig", "Litt ueinig" eller "Heilt ueing" i følgjande påstandar (og argumentere kort for standpunktet sitt):

"Barn i skulealder har for lite respekt for vaksne."
"Barn i skulealder har for lite tid til fri leik."
"Barn i skulealder brukar for mykje tid på skjerm."


Rektor sender ut eit spørjeskjema med spørsmål til klasseforeldremøta i neste veke (onsdag 19.sep, 1.-3.kl klokka 19-20, 5.-7.kl klokka 20-21)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS