Foreldrerettleiing, hjelp og støtte til foreldra

  • Alle foreldre møter utfordringar i barneoppdragninga av og til.
  • Foreldrerettleiaren er foreldra sin støttespelar.
  • Vi legg vekt på dei positive ressursane i familien.

Du kan ta direkte kontakt med rettleiar (Debbie Eikum Tlf. 57 68 56 07), du treng ikkje henvisning. Rettleiaren har teieplikt.

Du kan ta kontakt på Helsesenteret : måndag - onsdag -  fredag kl. 09.00 – 15.15

 

Målgruppe

Alle som har barn eller ansvar for barn 

Pris

Tenesta er gratis

Vi tilbyr:

  • Rettleiing på enkelt spørsmål
  • Telefonkontakt/støtte
  • Individuelle samtalar
  • Meir omfattande rettleiing

Vi tilbyr ein samtale med ein som vil lytte til bekymringane dine. Spørsmål kan handle om: daglegdagse problem, kommunikasjon med barn, grensesetting, etc. Vi kan gi råd og hjelpe deg til å avklare problem og fokusere på ressursar.

Vi tilbyr støtte og oppfølging av familiar via telefon. Vi møter gjerne familien for ein kartleggingssamtale før vi set i gang med telefonkontakt.

Meir omfattande rettleiing byggjer på velkjende og konkrete verktøy som skal vera mogeleg å gjere seg nytte av for alle. Tilbodet er eit kortids tilbod som strekker seg over cirka 5 samtalar. Rettleiinga legg opp til dialog mellom foreldre og rettleiar, der målet er å finne gode løysingar. Ein legg vekt på å bruka dei ressursane som allereie er i familien og det som er positivt med barna.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leiande helsesøster:

Anne Helen Strandabø
Helsesenteret

Tlf: 57 68 56 05
E-post

Kontaktinfo til alle tilsette
ved Helsetasjonen finn du
under linken Les meir...

Les meir...

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS