Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgoder, Luster kommune, Vestland

DatoFOR-2020-06-18-1270
Ikrafttredelse01.01.2020
Gjelder forLuster kommune, Vestland
HjemmelLOV-2018-06-22-83-§8-3, LOV-2018-06-22-83-§8-4, LOV-2018-06-22-83-§8-6, LOV-2018-06-22-83-§8-10
Kunngjort23.06.2020   kl. 15.30
KorttittelForskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgoder, Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 18. juni 2020 med heimel i lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 8-3, § 8-4, § 8-6 og § 8-10.

§ 1.Føremål

Forskrifta skal legge til rette for brei rekruttering til kommunale tillitsverv gjennom økonomiske ordningar som gjer det mogleg for alle å delta i lokalpolitikken.

§ 2.Generelt

Folkevalde har ikkje eit tilsetjingsforhold til kommunen. Godtgjersla er ikkje å sjå på som løn. Godtgjersle og utbetaling av tapt arbeidsforteneste er likevel skattepliktig som inntekt. Det blir trekt skatt i samsvar med skattekort. Ved eventuelle feilutbetalingar melder den folkevalde frå til kommunen og feilen blir retta.

Folkevalde si godtgjersle gjev ikkje rett til feriepengar og er ikkje pensjonsgjevande unnateke for ordførar.

§ 3.Rett til dekning av utgifter og økonomisk tap

Den som har eit tillitsverv i Luster kommune, har krav på

a.skyss-, kost- og overnattingsgodtgjersle for reiser i samband med vervet
b.dekking av utgifter som følge av vervet, også utgifter til andre for å utføre naudsynte arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver ein i samband med utføring av vervet ikkje sjølv kan utføre
c.erstatning for tapt inntekt som følge av vervet.

Krav skal sendast politisk sekretariat så snart som mogleg og seinast innan 6 md. etter at kravet oppstod. Kravet skal dokumenterast.

§ 4.Utmåling av utgifter og økonomisk tap 

a. Skyss, kost og overnatting, jf. § 3 a

Godtgjersle for skyss, kost og overnatting blir gjeve for reiser etter dei til ei kvar tid gjeldande satsane i kommunen sitt reiseregulativ. Satsane i statens reiseregulativ gjeld dersom kommuneregulativ ikkje er dekkande.

Det blir ikkje utbetalt kostgodtgjersle for reiser/møte i kommunen.

Så langt det er råd må folkevalde samordne reiser til og frå møte. 

b. Omsorgsarbeid, jf. § 3 b

Folkevalde som har omsorgsansvar for born, sjuke, eldre og personar med funksjonsnedsetting får dekka utgifter til omsorgsvikar inntil dokumentert sats.

Utgifter til vikar må dokumenterast. 

c. Tapt inntekt, jf. § 3 c

Dokumentert dagsats: inntil 0,4 % av ordførargodtgjersla pr. dag.

Udokumentert dagsats: 0,2 % av ordførargodtgjersla pr. dag.

Er fråveret frå arbeid kortare enn 4 timar, vert det ytt halvt vederlag. 

Lønsmottakarar

For folkevalde som får tap i ordinær arbeidsinntekt dekkar kommunen dette tapet; løn og feriepengar, inntil dokumentert sats pr. dag. Då må dokumentasjon frå arbeidsgjevar på trekk i løn leggast fram.

Dersom den folkevalde har fri med løn til politisk arbeid, og det er arbeidsgjevar som sender krav til kommunen, dekker kommunen og arbeidsgjevaravgift inntil dokumentert sats. 

Sjølvstendig næringsdrivande eller utan fast lønsinntekt

Folkevalde som er sjølvstendig næringsdrivande eller utan fast lønsinntekt (heimeverande, studentar, personar med omsorgsansvar), har rett på vederlag for tap av arbeidsinntekt og/eller utgifter til avløysar med udokumentert sats pr. dag.

Dersom tapet er større enn dette, kan det på grunnlag av skriftleg dokumentasjon utbetalast inntil dokumentert sats pr. dag.

Tapet kan dokumenterast med likningsattest. Inntektstap vert utrekna etter netto årsinntekt (netto næringsinntekt) dividert med 230 dagar. Tapet kan også dokumenterast med attest over kostnader med vikar. 

Generalforsamling

Kommunen sine utsendingar til generalforsamlingar/representantskap får dekka tapt arbeidsforteneste og reiseutgifter. 

Tilsette

Folkevalde som er tilsette i kommunal verksemd eller andre som opprettheld løna si under fråvær for å ivareta kommunale verv, får ikkje vederlag for tapt arbeidsforteneste. 

Kveldstid

Det blir ikkje utbetalt tapt arbeidsforteneste for møte utanfor normalarbeidsdagen, definert til 08.00–16.00, eller på kveldstid med mindre tapet kan dokumenterast.

Krav om tapt arbeid og reiseutgifter må setjast fram innan gjeldande fristar med tilstrekkeleg dokumentasjon. Kommunen nyttar kommunelova sine bestemmelsar m/kommentarar for tolking der forskrift ikkje er dekkande. 

Telefon, pc og internettgodtgjersle

Kommunestyremedlemmane får ei fast årleg godtgjersle på 0,25 % av ordførar si godtgjersle til dekking av telefon og kommunikasjonsutgifter.

Varamedlemmar til kommunestyret får ei fast årleg godtgjersle på 0,25 % av ordførar si godtgjersle slik: første vara til kommunestyregrupper til og med 3 medlemmar, første og andre vara til kommunestyregrupper med til og med ni medlemmar, første andre og tredje vara til kommunestyregrupper med over 10 medlemmar.

Formannskapsmedlemmane, gruppeleiarane utanfor formannskapet, leiar i plan og forvaltningsutvalet og leiar i kontrollutvalet får dobbel godtgjersle.

§ 5.Arbeidsgodtgjersle

Den som har eit kommunalt tillitsverv, har krav på godtgjersle for arbeidet sitt etter følgjande satsar:

1.Fast årleg godtgjersle:
a.Ordførar i heiltidsstilling skal ha ei årleg godtgjersle tilsvarande 90 % av stortingsrepresentantar si godtgjersle og blir justert i takt med denne.

Godtgjersla gjeld for alle kommunale tillitsverv.

Godtgjersla gjev ikkje rett til feriepengar.

Ordførar får ei årleg reisegodtgjersle på 3 % av ordførargodtgjersla for reiser innanfor kommunegrensa, som alternativ til reiserekningar.

Ordførar får Sogn Avis pluss ei valfri avis dekka av kommunen og kommunen held mobiltelefon/data og dekkar telefon og kommunikasjonsutgifter.

Formannskapet har fullmakt til å vurdere og ev regulere ned ordføraren si stilling i dei tilfelle ordføraren har andre byrdefulle verv med særskilt godtgjering.

b.Varaordførar får ei årleg godtgjersle på 6 % av ordførargodtgjersla. Godtgjersla dekkar vikar/vara for ordførar, oppdrag ved kortare sjukdom, feriar og representasjonsoppgåver. Dersom varaordførar fungerer samanhengande, på heiltid, utover 14 dagar som ordførar skal han/ho ha ordførar si godtgjersle for heile perioden.
c.Kommunestyremedlemmane, får ei fast årleg godtgjersle på 1 % av ordføraren si godtgjersle. Godtgjersla dekkar førebuing, deltaking og etterarbeid for kommunestyrearbeidet.
d.Formannskapsmedlemene, får ei fast årleg godtgjersle på 4 % av ordførargodtgjersla. Godtgjersla dekkar førebuing, deltaking og etterarbeid for møte i formannskapet, næringsutvalet, administrasjonsutvalet, valstyret og representasjonsoppgåver.
e.Leiar av plan- og forvaltningsutvalet får ei fast årleg godtgjersle på 4 % av ordførargodtgjersla. Godtgjersla dekkar førebuing, deltaking og etterarbeid for møte i utvalet og representasjonsoppgåver.
f.Leiar av kontrollutvalet får ei fast årleg godtgjersle på 3 % av ordførar si godtgjersle. Godtgjersla dekkar førebuing, deltaking og etterarbeid for møte i utvalet og deltaking i andre kommunale møte.
g.Gruppeleiarane får ei fast årleg godtgjersle på 0,5 % av ordførar si godtgjersle. Har gruppa mellom 4 og 10 representantar vert godtgjersla sett til 0,75 % og meir enn 10 representantar til 1 %.

Godtgjersla dekkar møtegodtgjersle i gruppeleiarmøte/utvida formannskap(økonomiutval) og koordinerande arbeid i og mellom partigruppene.

Dei som får fast godtgjersle får ikkje møtegodtgjersle for møte i eigne utval.

Den faste godtgjersla vert utbetalt månadsvis.

Fråvær frå meir enn 1/4 av møta i kalenderåret, fører til 25 % reduksjon av godtgjersla.

2.Møtegodtgjersle
a.Satsar for møtegodtgjersle

Gruppe I:

Møtande varamedlemmar i kommunestyret, møtande varamedlemmar i formannskapet.

Medlemmar og møtande varamedlemmar i plan- og forvaltningsutvalet.

Medlemmar og møtande varamedlemmar i kontrollutvalet.

0,1 % av ordførar si godtgjersle for møte over 3,5 timar.

0,075 % av ordførar si godtgjersle for møte inntil 3,5 timar.

Varamedlemmar for ei enkelt sak: 0,05 % av ordførar si godtgjersle.

Dersom møteleiar har forfall, får fungerande møteleiar eit tillegg på 50 %.

Gruppe II:

Mellombelse komitear, røystestyra, tillitsvalde i administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet:

0,075 % av ordførar si godtgjersle for møte over 3,5 timar.

0,05 % av ordførar si godtgjersle for møte inntil 3,5 timar.

Leiar får eit tillegg på 50 %

Gruppe III:

Medlemer i andre kommunale nemnder, lovpålagde utval, styre, råd og utval som er valde av kommunestyre og formannskap:

0,04 % av ordførar si godtgjersle for møte over 3,5 timar.

0,03 % av ordførar si godtgjersle for møte inntil 3,5 timar.

Leiar får eit tillegg på 50 %.

b.Dersom den folkevalde møter i fleire kommunale møte same dagen, vert det betalt møtegodtgjersle kun for det møtet som har den høgste godtgjersla.
c.Arbeidstakar sine representantar i kommunale styringsorgan har dei same rettar som dei folkevalde.
d.Møtegodtgjersle vert utbetalt 2 gonger pr. år etter frammøtelister, februar og september.

Møtegodtgjersle vert ikkje utbetalt til:

-Tilsette som i kraft av si stilling er valde medlemer i kommunale styringsorgan. (tillitsvalde etter hovudavtale/hovudovereinskomst fell utanfor)
-Det vert ikkje betalt ut møtegodtgjersle for synfaringar og samrådingar utanom møta dersom ikkje heile styret, rådet eller utvalet er samla som del av sakshandsaming.
-Det vert ikkje betalt ut eiga møtegodtgjersle for temadagar.
-Det vert ikkje betalt ut eiga møtegodtgjersle for opplæringsdagar, kurs og liknande.
-Det vert ikkje betalt ut eiga møtegodtgjersle for politiske gruppemøte og liknande som gjeld partia.

§ 6.Godtgjersle ved frikjøp

Ordføraren blir frikjøpt i 100 %. Ordførar si godtgjersle blir fastsett til 90 % av godtgjersla til Stortingsrepresentantane.

Formannskapet har fullmakt til å ta avgjerd i ev andre saker omkring frikjøp.

§ 7.Ettergodtgjersle

Folkevalde som har eit tillitsverv som si hovudsysselsetjing, har etter søknad rett til ettergodtgjersle i 1,5 månader når dei fråtrer vervet og har ein jobb å gå attende til, og 3 månader dersom vedkomande ikkje har ein jobb å gå attende til.

Ein søknad om ettergodtgjersle blir avgjort av formannskapet.

Retten til ettergodtgjersle blir avkorta mot anna inntekt etter reglane i kommunelova § 8-6 andre og tredje ledd.

§ 8.Pensjonsordning

Folkevalde som har eit tillitsverv som si hovudsysselsetjing har rett til pensjon i kommunen i tråd med kommunen si pensjonsordning for folkevalde.

§ 9.Rett til sjukepeng

Folkevalde som har eit tillitsverv som si hovudsysselsetjing, har same krav på sjukepeng som tilsette i kommunen.

Kommunen skal betale sjukepeng tilsvarande full godtgjersle i arbeidsgjevarperioden frå den fyrste til den sekstende sjukedagen, jf. folketrygdlova § 8-19.

Har den folkevalde krav på godtgjersle utover seks ganger grunnbeløpet, jf. folketrygdlova § 8-10 andre ledd, skal kommunen betale forskjellen mellom det den folkevalde har krav på å få utbetalt i sjukepeng frå folketrygda og det den folkevalde ville fått i godtgjersle i den same perioden.

§ 10.Rettar ved yrkesskade

Folkevalde som har eit tillitsverv som si hovudsysselsetjing, skal meldast inn i kommunen si yrkesskadeforsikring og eventuelle andre tilleggsforsikringar som gjev tilsette i kommunen rett til ytingar ved yrkesskade.

§ 11.Permisjonar

Folkevalde som har eit tillitsverv som si hovudsysselsetjing, har etter søknad rett til permisjon i samsvar med arbeidsmiljølova § 12-1 til § 12-10, § 12-12 og § 12-15.

Søknad om permisjon blir avgjort av formannskapet.

Under permisjonen beheld den folkevalde godtgjersla i inntil to veker, med mindre han eller ho gjev avkall på den. Under svangerskapspermisjon, omsorgspermisjon, fødselspermisjon, foreldrepermisjon og ved barn og barnepassar sin sjukdom har den folkevalde rett til å behalde godtgjersla etter same reglar som gjeld for tilsvarande permisjonar for tilsette i kommunen.

§ 12.Tolkingsspørsmål

Formannskapet skal handsame tolkingsspørsmål.

§ 13.Årleg regulering

Den faste godtgjersla til ordførar og dei andre satsane som er knytt til ordførargodtgjersle vert regulert i høve regulering av godtgjersla til stortingsrepresentantane.

Dei kommunale godtgjerslene vert regulert med verknad frå 1. januar kvart år.

Ein nyttar då fastsatt godtgjersle til stortingsrepresentantane pr. 1. mai frå føregåande år.

§ 14.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2020.