Frådeling av eigedom (deling av grunneigedom)

Søknad om frådeling av grunneigedom skal alltid handsamast etter reglar i plan- og bygningslova med mindre delinga skjer som ledd i jordskifte. Søknadane skal også handsamast etter reglar i jordlova med mindre delinga skjer i planområde der jordlova ikkje lenger gjeld. Som frådeling blir i denne samanheng rekna all deling av grunneigedom, samt leige eller bortfesting av grunneigedom for lengre tidsrom enn 10 år.
I område som ikkje inngår i reguleringsplan trengst det dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen for frådeling til føremål som ikkje er ein del av stadbunden næring. Det same gjeld for område innanfor reguleringsplan dersom frådelinga er i strid med reguleringsføremålet.
I 100-meters beltet langs Lusterfjorden er det forbod mot frådeling, sal eller bortleige av ubebygd del av eigedom med mindre området ligg i tettbygd strok eller i område som blir omfatta av reguleringsplan eller strandplan

Søknad skal fremjast på fastlagd skjema. For søknader om byggetomt utanfor regulerte byggeområde skal saka til vanleg handsamast etter jordlova, veglova, kulturminnelova (fylkeskultursjefen) og helselovgjevinga (kommunelegen) (+ fylkesmannen si miljøvernavdeling dersom det gjeld tomt i forbodssona langs fjorden) før saka blir lagd fram for det faste utvalet for plansaker til endeleg avgjerd etter plan- og bygningslova.
Dersom søknaden blir avslegen med heimel i anna særlovgjeving kan det heller ikkje gjevast frådelingsløyve etter plan- og bygningslova.

Avgjerast av: Det faste utvalet for plansaker skal handsame plan- og bygningslovssaker med frådelingssøknader som inneber dispensasjon frå arealdelen til kommuneplanen, byggeforbodet i 100-meters beltet langs fjorden (pbl § 17-2) eller frå reguleringsføremål i godkjent reguleringsplan.
Rådmannen fattar vedtak i kurante pbl-saker (frådeling i samsvar med reguleringsplan og mindre grensejustering)
Jordlova: Forvaltningsstyret har avgjerdsmynde for ubebygde tomtar inntil 2 daa.
Fylkeslandbruksstyret har avgjerdsmynde i saker der tomtearealet overstig 2 daa, det vere seg oppretting av ny parsell eller når det blir søkt om tilleggsareal som medfører at totalarealet til ei tomt overstig 2 daa.



 

Handsamingstid

 Gjennomsnittleg sakshandsamingstid er 3. mnd. Handsamingstida avheng av kor mange særlovinstansar som skal uttale seg eller fatta vedtak i saka, og tidspunkt for levering av søknaden med omsyn til behov for synfaring og undersøkingar på bar mark. Det blir difor ei individuell vurdering for kvar einskild sak. Ta kontakt med sakshandsamarane i kommunen for nærare vurdering i spesifikke einskildsaker.

 

Klage

 Type vedtak: Enkeltvedtak med klagerett.
Klageinstans: Plan- og bygningslova: Fylkesmannen
Jordlova: Fylkeslandbruksstyret på enkeltvedtak fatta i kommunen, og Statens Landbruksforvaltning i saker der avgjerd er fatta i fylkeslandbruksstyret.

 

Vedlegg:

    • Grunneigar (søkar) skal fylle ut skjemaet: ”Rekvisisjon av kartforretning/søknad om deling av grunneigedom” (blankett Nr. 601).
    • Gjenpart av nabovarsel med kvittering for motteke varsel frå naboar som får felles grense med den omsøkte tomta (grunneigar/søkar er i dette tilfellet ikkje nabo før det blir søkt om byggeløyve på tomta).
    • Dersom tomta ikkje får direkte tilknyting til veg som er open for ålmenn ferdsel skal søknaden vedleggjast tinglyst avtale om vegrett mellom tomta og slik veg (pbl § 66 nr.1).
    • Kart eller skisse med forslag til deling (plassering, storleik og arrondering/grenseforløp). Forslag til plassering av bygningar skal visast på kartet.
      Kart og skjema får ein på servicetorget, tlf. 57 68 55 00.




 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS