A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

IMG_2556

Skulegudsteneste

Fredag 21. des. kl. 9.00 er det skulegudsteneste for elevane våre. Elevane møter på skulen til vanleg tid og går samla ut til kyrkja. I kyrkja sit klassane samla klassevis på merka benkar. Skulen tilbyr eit likeverdig alternativ til dei elevane som ikkje ynskjer å delta på gudstenesta. Det alternative opplegget vert eit pedagogisk opplegg med fysisk aktivitet og adventssamling på biblioteket. Elevar som skal delta på det alternative opplegget må melde frå til kontaktlærar via Visma innan 20. des.

2018-12-10
julelunsj 2018,1

Julelunsj 2018

Inga sak å arrangere julelunsj for elevane våre på mellom- og ungdomstrinnet når me er så heldige å ha så flott underhaldning. Elevar og tilsette kosa seg med deileg mat. Me sang julesongar i lag med spelemannslaget og avslutta gildet med Palssangen. Tusen takk til Indre Hafslo Spelemannslag for fin og stemningsfull musikk!

2018-12-04
julefest

Julefest for 1. - 7. kl.

Velkommen til julefest torsdag 13. des. kl. 18.00 i gymsalen.Tradisjonen tru så startar festen i gymsalen med program og etter programmet vert det servering i barneskulen og i kantina. Inngangspengar kr. 50,- Kjem nissane i år og?

2018-12-04
Powered by CustomPublish AS