A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fredag og valfag

Fredag betyr valfag på ungdomstrinnet. Her er eit glimt frå valfag programmering. Det er utruleg kjekt å undervisa i fag der ein har så motiverte og flinke elevar. Dei gjer ein kjempeinnsats og set seg inn i nye ting med stor iver. Når klokka er fem over eitt sluttar småskulen og då står det nysgjerrige ungar og lurer på kva i alle verda som foregår på datarommet. Så då blir det litt drop-in undervsning gjennom vindauga frå ungdomsskule elevar. God helg!  

file
file-1
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS