NB! Det kan vera lurt å sjekka søppel-epost-mappa for å sjå om epost om påmelding til sommarskule ligg der. Somme tider vert e-postar sendt til mange mottakarar automatisk dirigert til søppel-epost-mappa. Alle skal no ha fått stadfesting på påmeldte kurs.

Det er berre to kurs som har vore heilt fulle: Fotokurs 28.-30. juni i Gaupne og Reodorverkstadkurs i Gaupne 9.-11. august. Dei som er på venteliste har fått tilbod om nytt kurs.

Det er framleis att nokre plassar på Sommerlab-kursa til Forskerfabrikken. Påmelding via www.sommerlab.no