Dette verktøyet skal bidra til å førebygge isolasjon og einsemd i Luster kommune. Det skal styrke fellesskap, samarbeid og positiv fritid, og det er for alle innbyggarar i alle aldrar. Aktivitetskalendaren skal synleggjere alt som skjer i kommunen på ein stad og bidra til å rekruttere frivillige til ulike oppdrag. Den kan nyttast gratis av alle frivillige lag og organisasjonar i kommunen.

Me hadde første workshop den 20.juni, så no er me i gang! Det var ein positiv og engasjert gjeng som var med oss denne kvelden og no er det fleire einingar, lag og organsiasjonar som har starta å legge ut sine aktivitetar.

 

Gå inn på www.luster.friskus.com for å sjå kva som ligg der!
Opprett din eigen brukarprofil ved enkelt å trykke på

  • Ny bruker
  • Legge inn mobil eller e-post
  • Lage passord

Elisabeth Bondevik Orrestad, Linda Goldmann og Trine-Anita Systad.JPGTa gjerne kontakt med oss i arbeidsgruppa dersom du har spørsmål, eller er om du er interessert i å legge ut arrangement eller frivillige oppdrag. Me skal ha jamnlege workshopar framover. Deltakarar frå ulike einingar, lag og organisasjonar vil bli invitert fortløpande til workshop for å bli godt kjent med aktivitetskalendaren.

  1. Trine-Anita Systad-Tlf. 99 59 19 77
    trine.anita.systad@luster.kommune.no
  2. Elisabeth Bondevik Orrestad-Tlf. 97 52 86 99
    elisabeth.bondevik.orrestad@luster.kommune.no
  3. Linda Goldmann-Tlf. 47 01 36 90
    mailtogoldmann@yahoo.no