A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fyrste leksjon i mat og helse

Frukostblanding med bær og smoothie

Etter fyrste time på kjøkkenet der elevane gjorde seg kjende i skuffer og skap, fekk dei i veke 35 lage sitt fyrste måltid. På menyen sto det frukostblanding med smoothie. Frukostblandinga vart laga i to variantar då det i oppskrifta sto det skulle vere nøtter i. Ikkje alle toler nøtter, og då er det heilt ok å utelate det. Dette er også eit av måla i mat og helse, at elevane kan tilpasse oppskriftene slik at alle kan ete, og også litt etter smak og behag. Smoothien vart også laga i to smaksvariantar, ein med jordbær og ein med bringebær. Nam nam - fornøgde 6.klassingar med sitt fyrste mat og helse måltid!

Smoothie
Smoothie med jordbær og bringebær
Oppvasken må også takast
Oppvasken må også takast
Serveringsklart
Ferdig frukostblanding klar til servering med jordbær og smoothie.
Nam nam
Nam nam
Ved bordet
Fornøgde med sitt fyrste mat og helse måltid!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS