Årets bedrift  2011
Det var formannskapsmedlem Ivar Kvalen (t.v.) som i år stod for utdelinga av prisen Årets bedrift i ordførar og varaordførar sitt fråvær. Gulleik Fuhr tok mot prisen på vegne av Fuhr Bygg AS.
 
I talen sin sa Kvalen:
Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg tilskiping på Lustramarknaden. I år 2011 er det 21. gongen denne utmerkinga vert delt ut. Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.
 
I statuttane for tildelinga står det mellom anna: "Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak, nyetableringar eller knoppskytingar."
I år 2011 går prisen til ei bedrift som er om lag 10 år. Bedrifta har utvikla positivt på fleire område desse åra. I år går prisen årets bedrift til Fuhr Bygg AS. Eg bed om at dagleg leiar Gulleik Fuhr kjem opp på scena.
 
Kvifor har så Fuhr Bygg AS fått denne utmerkinga:
Gulleik Fuhr starta opp med personleg føretak som tømrar heilt attende til midten av 80-talet. Noko av det fyrste han arbeidde med var bygging av hus til Statkraft i samband med Jostedalsutbygginga.
Det personlege føretaket hans hadde etter kvart ein del tilsette på slutten av 90-talet.
I 2001 vart Fuhr Bygg AS skipa, med Gulleik Fuhr som eineeigar. Fuhr Bygg kjøpte då eit næringsbygg på Røneidsgrandane på om lag 400m2. I åra etterpå har bygget vorte oppgradert og utvida fleire gonger.Siste store utbygginga var no vinteren 2011.
Totalt er det no ca 1000m2 med byggmasse, fordelt på butikk og utstillingar, lager og kontor. Det er og noko utleigeareal.
 
Einebustader var den viktigaste marknaden for Fuhr Bygg i starten. Etter kvart har dei og teke på seg større oppdrag, og er nett no underentreprenør for Sogn Entreprenør AS både i høve Gaupne Barnehage og Luster Bad.
 
Tomteutvikling er eit område Fuhr Bygg AS har engasjert seg i sidan 2005. Dei har vore med og utvikla Solstrand i Luster – 3 einebustader, 5 private hytter og ytterlegere 6 private hytter opprinneleg bygde for utleige.
På Verket i Gaupne er det bygt og selt 19 bueiningar
På Bukti i Gaupne er ein komme godt i gang både med sal av tomtar og bygging av einebustader. I desse dagar er planane klare for eit rekkehus med sju leilegheiter. Byggestart etter planen etter fellesferien.
 
Det er i dag 13 tilsette i selskapet. Økonomien er sunn.
 
Byggeributikk
Fuhr bygg satsar og mykje på Byggeributikken deira på Røneidsgrandane som vart opna ved nyår 2011. Her er eitt breitt sortiment av byggevarer og utstillingar.
 
Framover ser Fuhr Bygg interesse for bustadfeltet Bukti i Gaupne. Det er enno 11 tomtar for einebustader for sal i dette feltet.
Fuhr Bygg ser og interesse for fritidsbustader/hytter. 
 
I si grunngjeving for prisen årets bedrift seier næringsutvalet: 
Furhr Bygg er ei solid verksemd som har bygt seg opp dei siste ti åra. Verksemda er ein god arbeidplass for dei tilsette.
Fuhr Bygg utfører oppdrag i Luster på ein fagleg god og ryddig måte.
Fuhr Bygg er og ein betydeleg samfunnsaktør, gjennom det arbeidet dei gjennomfører som eigedomsutviklar.
 
Til lukke med prisen som årets bedrift i Luster kommune 2011.