A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Prosjektbilde

Fyrste dag i prosjektperioden

I dag var det mange spente vaksne og born som kl 09.45 gjekk saman i litt andre grupperingar enn vanleg. Til dømes hadde dei "Blå" ungane som skulle på andre avdelingar pakka dressar, sko og vottar i posar som dei så stolte bar med seg inn på andre avdelingar. Det var tydeleg at dette var spennande. På prosjektgruppa var det ein "bli kjent dag" der me leika med nye leiker, fann nye leikekameratar, me merka at me var modigare enn me trudde og me lærte noko nytt om oss sjølve alle saman. Og for dei borna som fekk besøk på sin avdeling var det ekstra stas å få vise fram kva moro som fins å leike med her.
Måla til barnehagen er at personalet skal jobbe med andre vaksne og born i ein periode, enn kva dei brukar. Og at ungane i dei ulike årskulla skal få bli kjende med kvarandre. Det vil sjølvsagt vera ulike føresetnader for dette, med tanke på kor gamle borna er. På dei eldste gruppene såg ein allereie i dag, at nokon av ungane fekk seg nye vener. For dei yngste er det ikkje dei store forandringane. Dei har fokus på kroppen, seg sjølv og kvardagen. Slik som ein 1-åring bør ha fokus på. 
Det vil vera ulikt kva ein driv med i prosjektgruppa. Personalet ser an bornegruppa og kva som fengar, og kva som er mogeleg å få til. Det kan vera store skilnadar på korleis til dømes ein 2-åring opplev nye ting. Dette tek me omsyn til, og me legg til rette for at barnet for oppleve og utvikle seg i sitt tempo. På eine veggen i barnehagen er 2010-kullet i ferd med å få til noko spannande... :)

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS