Fysioterapi
Arbeidsområde:
- Fysioterapeutar undersøkjer og behandlar, driv opptrening og rehabilitering etter operasjonar, sjukdom, skade mm. Tiltak kan vere passiv behandling som massasje, tøyning, varme/-kuldebehandling, elektroterapi (ultralyd, straumterapi) eller aktiv behandling med øvingar og trening. Behandlingen kan foregå individuelt eller i grupper.
- Fysioterapeutar er også viktige aktørar innan helsefremjande og førebyggande arbeid gjennom aktivitet, rådgiving og opplæring. Me har kunnskap om korleis sjukdom og skade oppstår, og kan gi råd om korleis førebygge plager eller hindre tilbakefall ved sjukdom.


