Fysioterapi

Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod når det gjeld førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.
Tenesta omfattar m.a. :

  • Undersøkingar
  • Funksjonsutgreiing / motorisk vurdering
  • Behandling
  • Gruppetrening
  • Opplæring

Målgruppe

  • Målgruppa er personer med behov for fysioterapi pga nedsett funksjonsevne, sjukdom eller skade.
  • Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar fastset behovet.
  • Du kan få fysioterapiteneste uavhengig av om du bur heime eller på institusjon.
  • Bur du heime, kan du få tilbod om fysioterapi i heimen viss du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkja fysioterapeut.

Vilkår

Tenesta er lovpålagd.  

Søknadsfrist

Ingen

Klage

Dersom du meiner at du ikkje mottek nødvendig helsehjelp fra kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklaga dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du beskriva kva du klagar over, kva du ønskjer endra og grunngjevinga for dette. Kommunen vil kunna gje deg rettleiing. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, vert klagen videresend til Helsetilsynet i fylket.
Som mottaker av helsetenester kan du etter pasientrettighetslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteyteren slik at saka om mogeleg kan løysast på lågaste nivå.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Leiande fysioterapeut:

Kari Ingeborg Bukve
Helsesenteret
Gaupne

Tlf: 57 68 56 20 / 907 70 028
E-post

For kontaktinformasjon til
alle fysioterapeutane, både
kommunale og private,
klikk på linken Les meir...

Les meir...
Web levert av CustomPublish AS