A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Gardsbesøk

Fredag 23.oktober var 1.-4. kl. på besøk i fjøset til Johan Fraas. Skuledagen starta kl. 8.10 i Gatesvingen, og alle var klare med "fjøskle". Me vart godt mottekne av Johan og Ingrid. Det første me fekk vera med på, var mjølking. Alle stod på rekke ved veggen og følte spent med. Johan fortalde oss kva han gjorde, og me venta med alle spørsmål til etterpå. Det var viktig at me skulle gjera minst mogleg av oss, fordi dyra ikkje er vane med mange folk i fjøset. Dette gjekk heilt fint, og me fekk skryt av bonden. Kyrne mjølka slik dei pleier gjera. Det var artig å sjå at kyrne er ulike, slik som oss. Nokon stod heilt roleg medan jur og spenar vart vaska før mjølking, og nokon var veldig utolmodige medan dei venta på å bli mjølka.

Etter mjølking fekk me vera med på mjølkerommet for å sjå korleis røyr og utstyr blir vaska og klargjort til neste mjølking.

Så måtte dei søte kalvane få mat. Nokon fekk råmjølk, som vart mjølka rett i bøtte, og andre fekk surmjølk. Ivrige kalvar fekk sleika på fleire hender til stor stas både for kalvar og elevar.

Fleire av elevane hadde sett mjølkebilen, TINE, køyra opp til garden. Den kjem tredjekvar dag og tømmer tanken. Då set sjåføren inn ein minnepinne i maskina, så kjem det ut ein gardskvittering med mykje informasjon - temperatur på mjølka, bakteriar, kor mykje mjølk, dato, namn på sjåfør.

Elevane hadde med spørsmål me har laga tidlegare, og Johan svara. Han likte hund best av dyr, men likar godt kyr og!

Tre traktorar på garden, to gamle John Deere og ein ny New Holland. Den siste var størst og mest spennande å klatra inn i. Alle smilte fint då dei kom opp i setet på den. Til slutt fekk me sjå opp på høy/siloloftet. Spennande var det då Johan hoppa ned og opna luka ned i fjøset. Då såg me ned på kyrne som stod på båsen. To store siloar fekk me sjå, så viste han oss korleis "edderkoppen" blir styrt for å henta fòret der det skal.

Ei kjekk stund med ein bonde som var flink å forklara elevane det som gjekk føre seg. Takk for oss!

Tilbake på skulen skal me skriva og teikna. Det skal bli ei veggavis om alt me har lært.

img_2819
img_2820
img_2823
img_2828
img_2833
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS