A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
omvendtjulekalender[1]

"Omvendt julekalender" i skule og barnehage

GJE i staden for å få

Barnehagen samlar små gåver til ein barneheim i Litauen, skuleungane gjer småjobbar heime der løna går til SOS barnebyer. Her har me oppretta vår eigen innsamlingsside som òg andre kan gje pengar til HER.

Om SOS barnebyer si innsamling:

I desember har vi valt å vere med på Omvendt Julekalender frå SOS-barnebyer. Kvar skuledag i adventstida opnar vi ei luke i kalenderen på SOS-barnebyer sine nettsider for å sjå ein film om barn i ulike delar av verda. Kalenderen finn de her: www.omvendtjulekalender.no

I staden for å få ei gåve i kalenderen, vil vi ha fokus på å gi. Elevane kan gjere ein jobb heime og tene litt pengar til inntekt for SOS-barnebyer. Då gjer elevane sjølve ein innsats for å skaffe fram gåva dei gir. Det er sjølvsagt opp til kvar familie å avgjere storleiken på gåva.

Gåva kan ein gi på to ulike måtar

  1. Pengane kan leggjast i ein konvolutt som eleven tek med seg på skulen. Skriv gjerne nokre ord om kva oppgåver eleven har utført for å tene pengane.
  2. Pengane kan ein gi via klassen si digitale innsamlingsside. Her kan ein enkelt overføre pengar via SMS eller Visa. Linken til den digitale innsamlingssida blir sendt til foreldre/føresette på e-post. Pengesummen som ein overfører digitalt, må ein skrive ned på ein lapp som skal returnerast til skulen i konvolutt. Skriv gjerne også nokre ord om kva oppgåver eleven har utført for å tene pengane.

Ein trygg heim til jul SOS-barnebyer jobbar for å gi barn over heile verda ein trygg heim til jul. Over 200 millionar barn lever utan, eller står i fare for å miste, omsorga frå familien sin. Det er desse barna SOS-barnebyer hjelper. Elevar som deltek på Omvendt Julekalender, medverkar til at nokre av desse barna får ein trygg heim og ei lys framtid. Les meir om SOS-barnebyer sitt arbeid på: www.sos-barnebyer.no

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS