A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

GOD JUL

I dag har me avslutta med fin nissemarsj og julegraut. Marsjen gjekk ned i gata, og jammen sat det nokre fine nissar i eit naust i strondi. Dei delte ut seigemenn før turen gjekk til julegrana. Der vart det nokre rundar rundt treet og julesang. På veg opp att møtte me ei snill dame som kom ut og serverte klementiner på heile gjengen.

Då vil alle tilsette ved oppvekstsenteret få ynskja alle barn, elevar og føresette ei gledeleg jul og alt godt i 2019. Barnehagen og skulen har planleggingsdag 2. jan., så me møtest att torsdag 3. jan.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS