A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Nytt år

Godt nytt år!

Me ønskjer alle eit godt nytt år, og har von om at 2021 skal bli eit positivt år med mange nye moglegheiter. 

Året startar rett nok med innstrammingar i smitteverntiltaka, men per i dag gjeld dette frå og med ungdomsskulane og eldre elevar, så både barnehagen og skulen hjå oss held fram med dei same smitteverntiltaka som vi hadde før jul.

Det er viktig at dei som kjenner symptom på forkjøling eller annan luftvegssjukdom held seg heime, og at dette gjeld også når symptom eller sjukdomskjensla er mild.

Ta gjerne kontakt med oss om de har spørsmål knytt til dette.     

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS