Luster kommune gratulerer!


Olav Kjos-Wenjum
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Ein stolt, men audmjuk prisvinnar – Olav Kjos-Wenjum - i stova si på Venjum. Ordførar Ivar Kvalen ringde og gratulerte prisvinnaren like etter utdelinga om søndagen, men på tysdagen troppa han opp med blomster og gratulasjonar i heimen, der han også tok dette biletet.
 

Nikken-prisen har som formål å heidra dei verkeleg store slitarane i norsk fotball. Prisen vert delt ut til ein person som over lang tid har gjort ein innsats som leiar i fotballmiljøet. Prisen kan også tildelast andre personar som har bidrege positivt for norsk fotball i nasjonal/internasjonal samanheng.
Kjos-Wenjum var éin av åtte nominerte til prisen i år, men visste ikkje at han var vinnaren før han vart henta på tribunen mot slutten av første omgang.
Juryen hadde følgjande grunngjeving for prisen:
Prisen til ”Årets fotballvenn”, Nikken-prisen, for 2011 går til ein person som i 63 år samanhengande har teke på seg verv for idretten, lokalt og på krinsnivå. Spesielt innan anleggsutbygging har han lagt ned eit enormt viktig arbeid for idretten.
 
Han har hatt verv i fotballkretsen siden 1973, herav 4 år som krinssleiar og 4 år som nestleiar. Han gjennomfører framleis, i ein alder av 78 år, 40-50 møte, seminar og kurs i regi av fotballkrinsen, og har vore sterkt delaktig i realiseringa av over 80 fotballanlegg i Sogn og Fjordane. Han har tidligare motteke fleire utmerkingar for innsatsen sin for fotballen; blant anna fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1997.