Ved grensejustering/makeskifte kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle eigedommane, jf. matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34. Storleik areal kan overførast ved arealoverføring eller frådelast og seinare eventuelt samanslåast. Ved grensejustering kan arealet for involverte eigedommar aukast eller reduserast med inntil 5 prosent av den minste eigedommen, men maksimalt 500 m². Ein eining kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstig 20 prosent av eininga sitt areal før justeringa. Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte einingane med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp. 1G

Med makeskifte meinast gjensidig overføring av areal mellom to eigedommar. Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi.

Panterett fell vekk i areal som avstår frå ei matrikkeleining ved grensejustering, og panterett i matrikkeleininga som får tillagt areal blir utvida til også å gjelde dette.

Ved grensejustering treng det ikkje utferdigast skøyte, da partane si underskrift i protokollen erstattar dette.

 

Kven kan søkje?

Grensejustering kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen blir det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.

 

Kva skal søknaden innehalde?

Ved rekvisisjon av grensejustering kan dette skjemaet nyttast. Dersom ikkje dette skjemaet nyttast blir det forlanga underskrift av rekvirentane på eit anna dokument. Rekvisisjonen skal ha underskrift av registrerte eigarar og registrerte festarar til dei matrikkeleiningane som skal ha endra grense. Søknaden skal sendast kommunen og skal innehalde forslag til ny grense tegna inn på kartutsnitt, kopi av målebrev/ matrikkelkart eller situasjonskart.

 

Saksgang

Etter at søknaden er handsama og løyve gitt, vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til heimelshavar samt naboar til den aktuelle grensestrekninga. Etter at oppmålingsforretning er avholdt vil det bli utarbeida matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt søkjar.

 

Gebyr

Sjå kommunen sitt gebyrregulativ for grensejustering. I tillegg kjem gebyr for utsending av matrikkelbrev.