Heimehjelp/heimehjelp opplæring

Heimehjelp er ein integrert del av Luster heimeteneste. Personar som treng heimehjelp/opplæring heimehjelp, kan ta kontakt tenestekontor

Målet for heimehjelpstenesta:

  • Gi innbyggjarar i Luster kommune med særleg hjelpebehov, praktisk hjelp/opplæring til sjølvhjelp.

Tenesta er heimla i lov om sosiale tenester, § 4-2a

Her er skjemaet som du brukar for å søke om heimehjelp

Målgruppe

Innbyggjarar i Luster kommune som på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker har særleg hjelpebehov.
Praktisk bistand til daglege gjeremål - opplæring vil berre verte gjeve på område der ein ser at innbyggaren har eit særskilt bistandsbehov.

Vilkår

Lov om sosiale tenester § 4-2

Kommunen vurderar individuelt yting av hjelp innanfor desse områda:

  • Reinhald av kjøkken, stove, brukaren sitt soverom, bad/toalett og gang/entre.
  • Oppvask
  • Personleg hygiene t.d. av/påkledning, hjelp til dusj/hårvask
  • Sengeskift av eiga seng
  • Hjelp til å sette opp handleliste, bestille varer, gjere innkjøp av varer frå næraste butikk
  • dersom handelsstanden ikkje bringar varer
  • Vasking/stryking av brukaren sine klede
  • Tillaging av tørrmat/oppvarming av middag/hjelp til å bestille middag frå omsorgssenteret
  • Vask av vindauga maks 2 gongar pr. år
  • Opplæring/vedlikehald av dagleglivets oppgåver i heimen
  • Dersom mottakar av praktisk bistand til tider ikkje ønskjer hjelp til ei eller fleire oppgåver som er spesifiserte i vedtaket, men i staden ønskjer liknande enkle oppgåver, er kommunen villig til å tilpasse seg mottakaren sine ønskje. Slike justeringar må likevel gjerast innafor ramma av tildelt tid.

Kommunen gjev m.a ikkje hjelp til:

  • Storreingjering
  • Reinhald av rom som brukaren ikkje nyttar
  • Rydda og vaske opp etter besøkjande
  • Hagearbeid
  • Pussing av sølv, kobbar og messing
  • Middagslaging/baking
  • Snømåking
  • Hjelp til husdyrhald
  • Fylgje til lege, frisør m.m.

Dersom vi ikkje kan gje deg praktisk bistand/heimehjelp på grunn av sjukdom, ferie eller av anna årsak, vil du få beskjed.
Du må gje beskjed til heimehjelpar, teamleiar eller til tenestekontor i god tid dersom du ikkje vil motta avtalt hjelp.
Praktisk bistand/heimehjelp vert berre gjeve når du er tilstades i bustaden. Du må gje beskjed dersom du ikkje er heime når det er avtalt at heimehjelparen skal vere hjå deg.
Heimehjelpar har eige utstyr til reingjering av golv og andre flater, samt utstyr til støvtørking. Anna utstyr utover dettte som t.d. støvsugar, vaskemaskin må vere reint og i brukbar stand.

Pris

Du betalar ein eigenandel i månaden på grunnlag av inntekta di og kor mange timar
hjelp du har.
Grunnlag for utrekning av inntekt vert henta frå skattelista. Tenesta vert fakturert etter vedtak med forfall den 20. i den månad tenesta vert gjeven.
Oppseiing av praktisk bistand/heimehjelp skal vere skriftleg.

Handsaming

Du søkjer om heimehjelp her

Søknad om heimehjelp/praktisk bistand daglegegjeremål eller opplæring skal vere skriftleg. Du får søknadsskjema og hjelp til å fylle ut søknadsskjema ved å vende deg til tenestekontor, servicetorget på rådhuset. Søknadsskjema finn du og på www.luster.kommune.no


Dersom sjukehus, helse- og sosialpersonell eller pårørande søkjer, må søkjaren gje samtykke til dette.
Teamleiar i heimetenesta vil i lag med søkjaren vurdere kva slag praktisk hjelp søkjaren treng, kor ofte tenesta skal gjevast og kor mange timar søkjaren vil trenge.
Dersom du får tildelt  heimehjelp, vil det i det skriftlege vedtaket vere opplysningar om:

  • Kor mange timar heimehjelp brukaren får.
  • Tidspunktet for når hjelpa vert gjeven og kor ofte.
  • Kva slag oppgåver heimehjelpa skal utføre.
  •  

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist

Klage

Vedtaket kan klagast på til rådmann, klagefrist er 3 veker.
Endeleg klageinstans er fylkesmannen.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS