Heimesida vår fekk 6 av 6 stjerner i DIFI si kåring.
Torsdag 1.desember kåra Difi årets offentlege nettstader 2011. Kåringa fann stad på Kvalitetskonferansen og prisane vart delt ut av fornyings- administrasjons- og kyrkjeministar Rigmor Aasrud.
Luster kommune fekk også i år 6 av 6 stjerner i kåringa og dette plasserar oss i toppsjiktet i fylket.
Resultata frå årets kvalitetsvurdering vart også presentert på Kvalitetskonferansen. Nær 700 nettstadar har vore under lupa og vurdert etter Difi sitt kriteriesett. Resultatlista og detaljert resultatrapport for kvar nettstad er på publisert på kvalitet.difi.no/resultat/.
Her er eit utsnitt frå vårt fylke rangert etter tal stjerner og gjennomsnittleg %-tal:

