Heimesjukepleie

Heimesjukepleien er ein del av Luster heimeteneste og er integrert i lag med praktisk bistand - heimehjelp.
Leiar av tenesta som har sitt kontor stasjonert ved Gaupne omsorgssenter.
Dei tilsette jobbar i team med teamleiar.

Lov om helsetjenesten i kommunen av 19.november 1982, §2-1, jfr. § 1-3.

Her er skjemaet som du brukar for å søke om heimesjukepleie

Målgruppe

Tenesta vert gitt til personar som har ein akutt eller kronisk sjukdom, eller funksjonshemming, som medfører behov for sjukepleie i eigen heim.
Tenesta samarbeidar med heimehjelparane, ergoterapi- og fysioterapitenesta, legane, ATS, psykisk helsevern og sjukeheimane.

Vilkår

Tenesta har følgjande primæroppgåver: førebygging av sjukdom/skade , yte praktisk hjelp og omsorg til brukarar/ pasientar som av ulike grunnar ikkje klarer å ivareta alle funksjonar sjølve.
Tenesta er døgnbasert. Arbeidsområdet omfattar mange ulike arbeidsoppgåver. Det kan t.d vere sårstell, personleg hygiene, administrering av medisinar, tilsyn/ støttesamtalar.
Heimesjukepleien kan vidareformidle brukarane sine behov for medisinsk hjelp ved regelmessig kontakt med lege, sjå eventuelle behov for hjelpemiddel, herunder tryggleiksalarmar, og kan hjelpe til med å få tak i dette.

Tenesta er lovpålagt

Pris

Tenesta er gratis

Handsaming

Etter søknad/tlf.kontakt, vil teamleiar/sjukepleiar føreta eit heimebesøk for vurdering og registrering før ein gjer endeleg vedtak på omfang av tenesta. Ein vil samstundes sende ut varsel om sakshandsamingstid.

Handsamingstid

Innan 3 veker frå motteken søknad

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist

Klage

Klageinnstans 1: Luster kommune sitt klageutval etter lov om helsetenesta
Klageinnstans 2: Fylkeslegen

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS