A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
johanne

Helsestasjon for ungdom 13 – 20 år

Hei, Eg heiter Johanne og jobbar på Helsestasjonen i Gaupne. På helsestasjonen har me eit gratis tilbod til dykk på ungdomskulen og vidaregåande - Helsestasjon For Ungdom. Me har opent kvar torsdag frå kl 14.30 til kl 17.00.

Her kan du komme utan å bestille time, men dersom det ikkje passar på torsdagar frå kl 14.30 – 17.00 kan du kontakte meg for anna tidspunkt.

Hjå meg kan me snakke om alt, alt du måtte ynskje. Vennskap, familierelasjonar, kjærestar, aktivitet, kosthald, spiseforstyrrelsar, helse, seksualitet, prevensjon, graviditet, psykisk helse, konfliktar, press, beskymringar, usikkerheitar, gleder, sorger, rus, avhengigheit, mobbing, utdanning/skule og nettvett, for å nemne nokre tema.
 

Legg meg gjerne til på snapchat (HFULuster). Her legg eg ut informasjon om mykje forskjellig! De kan vere med på å bestemme kva me skal snakke om ved å sende inn spørsmål til meg på snap.

 

Sidan me brukar sosialemedia har me nokre reglar me må forhalde oss til

  • Ikkje del sensitiv informasjon
  • Ikkje direkte spørsmål om dykkar helsesituasjon (f.eks har du eit utslett du er usikker på krev behandling vil me heller at de kjem innom Helsestasjon For Ungdom når den er open enn å sende bilde av det på snap).
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS